


Det har alltid lege i korta at Kari-Anne Sekse skulle overta garden. Heldigvis møtte ho ein fyr som ville bli med på moroa.
Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Vil satsa
Kari-Anne Sekse har alltid visst at ho skulle flytta heim og ta over garden på Sekse.
Skjebnen ville ha det til at ho møtte ein mann som var minst like interessert i siderproduksjon som ho sjølv.
Det var ikkje så vanskeleg å lokka austlendingen Bernt Sondre med seg til Hardanger så lenge han vart lova at han kunne få driva med sider.
Etter at Sekse Sideri vart ein realitet, har læringskurva til paret både vore bratt og interessant.
Høyr Kari-Anne fortelja om vegen frå siderentusiast til siderprodusent og alle planane dei har for å lokka fleire turistar til Sekse i den ferske episoden av Hardangerfolk som du finn her.
Viktige gjestar for kommunen
– Cruiseanløpa er motoren i reiselivet i Eidfjord, seier Marit Stadheim, destinasjons- og berekraftansvarleg i Visit Eidfjord, same dag som årets siste cruiseskip har lagt til kai inst i Hardangerfjorden.
Ho fortel om cruisepassasjerar som er flinke til å nytta seg av tilbodet som finst når dei går i land.
I år innførte Visit Eidfjord eit nytt system som gjorde opplevinga til både cruisepassasjerar og andre turistar meir saumlaus. Les heile saka her.

Ynskjer innspel
Cruiseturisme er eit heitt tema fleire stader i Hardanger.
Dersom planane om ny cruisekai i Kvam går gjennom, kan det bety at cruisetrafikken i regionen aukar monaleg i åra som kjem.
Måndag 27. oktober er det innspelsmøte om planane. På møtet som går føre seg på ungdomsskulen i Øystese stiller representantar frå MSC Cruises, SeaWalk, GBS Entreprenør, ECS-gruppen og Arkoconsult, og er klare for å svara på det folk har av spørsmål om arbeidet som går føre seg på Skarpen i Øystese og dei vidare planane for området.

Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!