Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.

– Eit moderne anlegg for matproduksjon i sjø med lukka merdar vil gje heradet kompetansearbeidsplassar innan både elektro og biologi, i tillegg til at det vil vera behov for fleire andre typar arbeidsoppgåver.
Det seier Vidar Hjartnes som gjennom selskapet Bruravik Utvikling leiar fellesprosjektet til Eide Fjordbruk og Lingalaks. Planen er å etablera eit oppdrettsanlegg med moderne teknologi i sjøen utanfor den nedlagde ferjekaien i Bruravik.
Heradet er så langt positive til planen som no er ute på høyring.
Du kan lesa heile saka ved å trykka på biletet over, eller finna ho her.
Eit oppdrettsanlegg kan gje millionar ekstra kroner i kommunekassen, både i form av skatteinntekter frå nye arbeidsplassar og som tilskot frå Havbruksfondet.
I fjor fekk til dømes Kvam herad nær 23 millionar kroner for dei oppdrettsanlegga som ligg innanfor kommunegrensene deira.

Men per no er det ingen oppdrettsanlegg lenger inn i fjorden enn ved Ålvik i Kvam. Og det er det fleire gode grunnar til, mellom anna av omsyn til villfisk.
Det tek òg lengre tid før botnvatnet inst i fjordarmane blir skifta ut, og utslepp av næringssalt og fosfor kan få større påverknad på miljøtilstanden i fjorden her enn lenger ute.
Det er til sjuande og sist Statsforvaltaren som godkjenner eller avviser søknadar om nye oppdrettskonsesjonar.
Og der er køen lang, ifylgje seniorrådgjevar Tom N. Pedersen.
– Det ligg fleire søknadar i søknadsbunken som vil kunne resultera i ein samla produksjon på 198 000 tonn, fortel han i artikkelen.
Noverande produksjon er på 60 000 tonn, og i tillegg er det godkjent 30 000 tonn som ikkje er sett i verk enno.
Det vil med andre ord ta tid før noko skjer i Bruravik, føresett at heradsstyret i Ulvik gjev klarsignal for å gå vidare med prosessen.

NB! Måndag vart det ved ein feil send ut ein tidleg versjon av nyhendebrevet. Riktig versjon ligg i nyhendebrevarkivet vårt der du også finn alle tidlegare utsendingar.
Har du tips til saker eller podkastgjester, send det til tips@hardanger.no. Du kan òg fylgja oss på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
