Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.
– Me må byrja å minna folk om at det er festival, seier Jorid Lekve Eide. Ho er museumsleiar ved Haugesenteret og med det også festivalsjef for Poesifestivalen i Ulvik som går føre seg annakvart år.

I september skal ordkunstnarar av ulike slag igjen fylla bygda med samtalar, diktlesing, konsertar og unike lyriske opplevingar.
I dag vart dei fyrste namna frå årets festivalprogram sleppte, mellom dei eit par veletablerte artistar.
Les meir mot slutten av nyhendebrevet, men få gjerne med deg litt andre saker fyrst:
** Motaz Alhabbash er månadens kunstnar i mars hjå Hardingpuls. Alhabbash er ein palestinsk filmskapar, produsent og kurator som bur i Ålvik. Han arbeider med ulike tverrkulturelle prosjekt, hovudsakleg knytte til heim og identitet, skriv Hardingpuls i presentasjonen av han. Nyleg fullførte han produksjonen av ein film frå Gaza og er no i gang med å regissera ein ny kortfilm samstundes som han førebur seg til turné i Sunnhordland med DKS og prosjektet Tidsspor.
** Jernrosa politiske litteraturfestival feirar ti år med fleire kjende namn på programmet. Ruth Lillegraven, Tom Roger Aadland, Marte Michelet og Mimir Kristjansson er mellom dei som skal lokka publikum til Odda fyrste helga i mai. – Det er helt unikt at ein så smal festival kan overleva så lenge, og det må feirast, sa Lars Ove Seljestad som står bak festivalen til Hardanger Folkeblad i samband med programsleppet.
** Riksantikvaren lyser ut 3,4 millionar kroner til prosjekt som aktivt brukar kulturmiljø til stadutvikling i bygder, byar, næring og industri. Dette er den fyrste utlysinga for regjeringa sine to nye bevaringsstrategiar som trådde i kraft i februar. Riksantikvaren er mellom anna ute etter prosjekt som fremjar kunnskap og kompetanse knytt til heilskaplege industrimiljø eller ulike typar særprega småindustri, går det fram i ei pressemelding.
** Unge i alderen 15-30 år kan no søkja Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend for ungdom. Stiftinga opplyser at søkjarar må vera busette, oppvaksne eller ha markert seg særleg i regionane Hardanger og/eller Voss. Søknadsfristen for utdeling i 2026 er 31. mars.
** Fredag 6. mars slepper artisten kem.e.emma sin andre singel som soloartist, skriv Hardanger Folkeblad. Bak artistnamnet er 23 år gamle Emma Putnam som vaks opp på Lofthus og no har etablert seg i musikkmiljøet i Bergen. Der er ho mellom anna bassist for Michelle Ullestad og vokalist og gitarist i bandet Of All Things. Den nye singelen hennar heiter «Favor» og fylgjer opp debutsingelen «Daydream» som kom i fjor haust.
** Voss Energi Produksjon har kjøpt tomta der den historiske Liasaga ligg ved Palmafossen på Voss, skriv Hordaland. Oppkjøpet stoppar tidlegare planar om å riva saga til fordel for parkeringshus. Planen er å skapa eit opplevings- og visingssenter der saga kan takast i bruk att som del av ei form for museumsdrift. Venelaget Liasaga skal stå for den framtidige drifta og vil visa korleis tømmer vart saga til materialar slik ein gjorde før i tida. Prosjektet skal knyta saman Liasaga, Palmafossen kraftverk og laksetrappa til eit samla opplevingsområde.
Det skjer i helga

6. mars Konsert med Thomas Dybdahl, Kabuso, Øystese
6. mars Konsert med Knock Out Greg & The Blue Flames, Iris Scene, Odda
6.-7. mars Folkemusikkhelg i Granvin
7. mars Innføring i flogebinding, Sentrumsbygget i Eidfjord
7. mars Stafettkonserten, Folkets hus i Ålvik
7. mars Konsert med Bare Folk, Hardanger fartøyvernsenter
7. mars Grannaveitla på Sekse med bandet Stròk, Grannatun
7. mars Quiz med Ulvik Skulemusikklag og Hardangerbrua musikklag, Yppal
8. mars «Solomamma» Filmvisning og samtale mellom Gudrun Folkedal og Vigdis Nielsen, Ulvik kino
Sjå oversikta over kva meir som skjer i Hardanger i mars her.
– Det har blitt litt rift om festivalpassa

Poesifestivalen i Ulvik slepper i dag dei fyrste smakebitane frå programmet. Tønes og Valkyrien Allstars er mellom ordkunstnarane som skal lokka publikum til bygda andre helga i september.
Sjølv om det er lenge til september, er det stor aktivitet på Haugesenteret for tida. Førebuingane til poesifestivalen er i full gang, og museumsleiar og festivalsjef Jorid Lekve Eide er klar for å dela dei fyrste dryppa frå programmet.
– Me må byrja å minna folk om at det er festival i år, seier ho.
Denne gongen er det diktsamlinga «Seint rodnar skog i djuvet», Olav H. Hauge sitt kunstnarlege gjennombrot, som er tema for festivalen som blir arrangert andre helga i september annakvart år.
– Me har hatt ulike tematikkar opp gjennom åra. Det har ofte vore med utgangspunkt i eit ord, som lengt, natur og ordskifte. Men førre festival hadde me lyst til å finna på noko nytt og ta det litt tilbake til utgangspunktet og Olav H. Hauge. Me valde då å ha diktsamlinga «På ørnetuva» som bakteppe for programmeringa, seier ho.
Responsen frå publikum var så god at festivalen ville gjera det på same måte ein gong til.
– Me har kanskje vore litt redde for å bruka Hauge for mykje, men eg trur ikkje me skal vera det.

Jorid fortel at to av festivalpoetane som kjem til Poesifestivalen i år er Hilde Myklebust og Casper André Lugg.
– Dei har til felles at dei brukar mykje frå natur og landskap i diktinga si, noko eg trur kan stå i ein fin dialog til årets tema.
Rift om festivalpass
Poesifestivalen vart etablert under namnet Ulvik Poesifestival i 2000 som eit samarbeid mellom Ulvik herad, Venelaget Olav H. Hauge og Olav H. Hauge-stiftinga. Då Haugesenteret vart opna i 2014 fylgde ansvaret for festivalen med.

Jorid Lekve Eide har jobba på Haugesenteret sidan starten og har erfart at det er ein god del som kjem att år etter år, både mellom dei frivillige og publikum. Det har rett og slett blitt litt rift om festivalpassa som det berre finst eit avgrensa antal av.
– Utan å ha ført nokon statistikk over det vil eg påstå at det har blitt fleire og fleire gjengangarar som har fått smaken på festivalpasset. Det er ei god blanding av tilreisande og lokale, eg veit til dømes om nokon som kjem reisande heilt frå Tromsø kvar gong det er poesifestival, seier ho.
Ho ventar difor at det blir litt pågang no når salet av festivalpass startar i samband med det fyrste programsleppet.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

