Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Denne veka har bileta av dei velta heismastene på Folgefonna gått landet rundt.
Bretunga, som skiheisen har kvilt på, er i ferd med å dela seg i to og det veks fram ein innsjø i området der det tidlegare har vore påstigning til skitrekket.
– Innsjøen har me visst om i ti år, men folk vil ikkje tru det før dei ser det med eigne augo, sa professor, breforskar - og jondøl, Jostein Bakke frå UiB, til Hordaland Folkeblad tidlegare i veka.
Villreinministeren
Hardanger sin einaste kandidat med reell sjanse for å sikra ein stortingsplass, er Terje Kollbotn frå Raudt.
I valkampinnspurten kjem han med kritikk til Klima- og miljødepartementet sine føreslegne tiltak for å betra villreinen sine levekår.

– No er det jo sånn at villrein har ikkje røysterett, så eg har tatt på meg oppgåva å vera ein talsperson for dei, seier den sjølvutnemnde villreinministeren.
Podkast-première
I dag er det premiere på den nye podkastserien Hardangerfolk!
Der møter eg ulike folk med tilknyting til Hardanger for å snakka om oppvekst, karriere, identitet og tema dei er opptekne av.
Gjest i fyrste episode er folkemusikar Benedicte Maurseth frå Sysendalen i Eidfjord. Villrein er viktig også for ho.

Det ferskaste albumet Mirra er ein hyllest til nettopp villreinen. Albumet vart kåra til månadens folkemusikkalbum i britiske The Guardian allereie før det vart gjeve ut, og har sidan hausta gode kritikkar både i inn- og utland.
I podkasten fortel Benedicte om kor tilfeldig det var at ho byrja med hardingfele, kor befriande det var å byrja på vidaregåande på Voss, og om kjærleiken til Hardangervidda og folkemusikken.
Søk opp episoden der du vanlegvis høyrer podkast, og del gjerne vidare!
Ta gjerne kontakt viss du har innspel til folk du har lyst å høyra i komande Hardangerfolk-episodar! Bruk adressa tips@hardanger.no eller ta direkte kontakt med underteikna.

Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
