Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også.
Hardanger.no har store ambisjonar for 2026. Vil du hjelpa oss med å utvida tilbodet vårt? Klikk her for å kjøpa abonnement.
I denne utgåva kan du lesa om:
Klimaendringane set spor

– Det som uroar oss mest er ikkje berre at breane smeltar, men farten på smeltinga, fortel Jostein Bakke i podkasten Hardangersnakk.
I den fyrste delen var temaet følgjene av bresmeltinga som altså skjer veldig raskt sett ut frå eit historisk perspektiv. Årsaka er at det ikkje lenger er vintrane og snømengdene som avgjer om breen veks eller krympar, slik det var tidlegare.
I podkastepisoden fortel universitetsprofessoren, som sjølv vaks opp i Jondal, om sambygdingar som ikkje har vore heime på nokre år og blir sjokkerte når dei ser kor mykje landskapet ved breen har endra seg.
Verken Bakke eller Nielsen er særleg optimistiske med tanke på å snu utviklinga og trur me ikkje har anna val enn å tilpassa oss eit endra klima fram mot århundreskiftet.
Fargerik kunst
Når biletkunstnar Johild Mæland skal finna inspirasjon, er det fyrst og fremst andre kunstnarar sin bruk av fargar ho let seg fascinera av.

For tida er ho på studieopphald i kunstnarhusværet Hardanger-Berlin, men til vanleg er ho stasjonert på Utne og har ingen planar om å bryta opp derfrå.
– Det er på Utne eg finn roen til å arbeida med eigne prosjekt, fortel ho.
Mellom prosjekta ho har under arbeid, er ein skulptur til Odda barneskole som skal utførast i rustfritt stål av smeden Michael Wunderlich, samt eit oppdrag for Hanseatisk museum i Bergen der ho brukar teknikken ådring som er eitt av hennar spesialfelt.
Vil krevja store investeringar
Ei ny analyse frå Menon Economics viser at Sjøfartsdirektoratet sitt forslag om betydelege kutt i utslepp frå havbruksfartøy ikkje vil la seg gjennomføra utan ein kraftig auke i straum- og nettkapasiteten i sjømatregionane.
Rapporten er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) og byggjer vidare på ei tidlegare kartlegging som viste at store delar av kysten, særleg i Nord-Norge og på Vestlandet, allereie har avgrensa handlingsrom på grunn av manglande kapasitet i straumnettet.
Saka er aktuell fordi regjeringa har eit forslag til ei ny forskrift ute på høyring som stiller krav om at 9o prosent av energibruken frå arbeids- og passasjerfartøy i havbruksnæringa skal vera utsleppsfri innan 2040. Fristen for å koma med innspel er no i januar.

Forslaget som no er ute på høyring byggjer mellom anna på ei kartlegging som viser at mange havbruksfartøy teknisk sett kan elektrifiserast, men ifylgje prosjektleiar Oddbjørn Grønvik i Menon Economics er det eit stort gap mellom kva som er teknisk mogleg og faktisk gjennomførbart.
– Sjølv om utfordringar i nettilgang skulle løysast, er det også eit spørsmål om det er realistisk å få løyst dei mest tid- og energikrevjande oppgåvene frå havbruksflåten på ein måte som tilfredsstiller krava i forskrifta, seier han.
Også Sjømat Norge meiner forslaget frå Sjøfartsdirektoratet stiller urealistiske krav.
Regionsjef i Sjømat Norge, Kine Mari Karlsen, peikar på at manglande straumkapasitet langs kysten gjer rask elektrifisering umogleg mange stader.
– Me kan ikkje påleggja næringa ei ynskt omstilling og store investeringar utan samtidig å syrgja for infrastruktur og rammevilkår som gjer måla oppnåelege, seier ho og åtvarar mot at det heile berre blir symbolpolitikk.
Tusen takk for at du abonnerer på nyhendebrevet vårt! Me har lagt bak oss det fyrste halvåret og tek sats vidare.
Kva saker eller tema vil du at me skal lyfta fram i 2026? Del dine tankar og innspel på e-post til tips@hardanger.no.
Hjelp oss gjerne å veksa på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
