– Eg følte at Hardanger hadde tapt mykje av sin posisjon, fortel Ann Irene Myrheim denne vekas utgåve av podkastserien Hardangerfolk.
Ho skildrar korleis det var å venda tilbake til Hardanger etter å ha budd over 30 år andre stader.

Etter hennar syn hamnar Hardanger bakpå i forhold til andre regionar på vestlandet fordi det manglar stemmer frå regionen både i fylkeskommunen og rikspolitikken.
I podkasten fortel ho kva ho trur må til for å byggja opp ein sterk region framover.
Søk opp Hardangerfolk der du til vanleg høyrer podkast - og gje oss gjerne ei stjerne viss du likar han!
Som dagleg leiar i Hardangerrådet er Myrheim også sterkt involvert i arbeidet med å finna ei langvarig løysing for båtruta som bind saman kommunane i indre Hardanger.
I går var det stormøte i Eidfjord der ulike alternativ vart diskutert.
Destinasjonsselskapet Visit Hardangerfjord var sjølvsagt også på plass, og dagleg leiar Andreas Skogseth er oppteken av at ein må sjå turismen og kollektivtilbodet i samanheng.
Trykk på biletet under for å lesa saka.

For tida er forslaget til felles sti- og løypeplan for Hardangervidda ute på høyring, og tidlegare i veka møtte rundt 60 personar opp då det vart invitert til dialogmøte i Odda. Høyringsfristen er 31. oktober, same frist som for forslaget til tiltaksplan for villrein på Hardangervidda.

Denne helga samlast over 250 ungdommar og fagpersonar frå heile landet i Øystese til Ungdomskonferansen 2025. Måndag vitjar barne- og familieminister Lene Vågslid konferansen for å dela ut prisen for årets ungdomskommune. Kvam herad vann prisen i 2023, og det er bakgrunnen for at dei no er vertskap for årets ungdomskonferanse.
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Send meg gjerne ein e-post!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
