Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
På nyåret vil ein stor del av innhaldet vårt hamna bak betalingsmur. Nytt høvet og sikra deg abonnement til ein god pris allereie no.
I denne utgåva kan du lesa om:
Køyrer landet rundt

Firmaet er størst i landet innan transport av levande fisk, heilt frå ørsmå yngel på 0,02 gram til kveiter i 100-kilosklassen.
Det var i 1987 Jarle Tveiten starta for seg sjølv med køyring for lokale oppdrettarar. Nesten 40 år seinare er firmaet godt etablert i nye, spesialdesigna lokale på Valland i Norheimsund, og bilane deira er eit kjent syn på norske vegar, frå Agder i sør til Finnmark i nord.
Tveiten skildrar eit tett og godt samarbeid med oppdrettarar over heile landet som noko av hemmelegheita bak suksessen.
– Avtalar me at me skal vera ein stad klokka 7 om morgonen, då står me klare klokka 7, seier han.
Positivt engasjement
I løpet av hausten har Visit Hardangerfjord arrangert åtte folkemøte spreidd rundt i heile regionen for å få innspel til arbeidet med ein ny og felles reiselivsstrategi for Hardanger.
Prosjektleiar Margit Lund-Mikkelson seier engasjementet på møta har vore stort, og folk har vore overraskande samstemte i tilbakemeldingane uavhengig av kor dei bur.
Likevel har ho ikkje fått inntrykk av at innbyggjarane i Hardanger er negative til reiselivet.
– Dei fleste ser at reiselivet gjev tilbod i form av aktivitetar, kafear og restaurantar som me ikkje ville hatt utanom, i tillegg til at det skapar ei stoltheit over å bu ein plass mange har lyst å koma til, seier ho.
Målet er at den nye reiselivsstrategien skal bli klar til sommaren.

Ynskjer hurtigspor
Sjølv om regjeringa har eit uttalt mål om at det skal setjast i gang bygging av 130.000 nye bustadar i Noreg innan 2030, har det ikkje blitt bygd færre bustadar her i landet sidan 1946. Ifylgje Prognosesenteret blei det sett i gang 44 prosent færre bustadprosjekt i oktober i år enn det Noreg treng årleg.
Ein fylgje av det er at prisane vert pressa opp, og færre har råd til å kjøpa dei husa som kjem på marknaden, også i distriktet.
Modellen er inspirert av Tyskland, der dei har innført ei vedtekt som gjer det mogleg å hoppa over reguleringsplan for tomt og gå rett til byggjesak. Vedtekta gjeld i prosjekt som tydeleg passar inn i eksisterande busetnad med tanke på høgd, tettleik, byggjemåte og utnytting av tomter.
I Tyskland tek no sakshandsaming normalt 3-6 månadar, mot 3-6 år i eit norsk reguleringsløp. NBBL trur at eit liknande hurtigspor kan fungera i Noreg også.

I rapporten «Rett på byggesak: Hva kan Norge lære av den tyske planerstatningsbestemmelsen?» argumenterer dei for at kortare tidsbruk reduserer risiko og totalkostnadar i bustadprosjekt betydeleg og at kommunane i staden får frigjort kapasitet til store og kompliserte reguleringsplanar.
Påmelding temafrukost

Som fleire kanskje fekk med seg i nyhendebrev sist veke, inviterer me komande veke til ein temafrukost med live podkast om korleis klimaendringane vil prega Hardanger i åra framover.
Gjestar er Jostein Bakke og Pål Nielsen frå Universitetet i Bergen, og du finn meir informasjon om arrangementet ved å trykka på knappen under.
Har du nokon tankar om denne utgåva av nyhendebrevet? Kom gjerne med tilbakemelding ved å svara på denne e-posten, eller ta direkte kontakt med meg på e-postadressa under.
Tips og andre innspel kan du senda til tips@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

