Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del nyhendebrevet vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!

Denne veka er det leiar i Siderprodusentlaget i Hardanger, Eirik Lekve Eide, som er gjest i Hardangerfolk.
I podkasten fortel han om korleis det har vore å byta anleggsbransjen i Oslo mot ein kvardag med siderproduksjon i Ulvik.
Han deler også tankane sine om utvikling av reiselivet i Hardanger og korleis han jobbar for å skapa ein større marknad for Hardangersider i utlandet.
No går ein travel hausteperiode mot slutten, og Eirik er klar for det årlege Fruktsleppet som gardane på Saft- og siderruta i Ulvik inviterer til i morgon.
Du kan høyra alle episodane av Hardangerfolk her, eller søkja dei opp der du vanlegvis høyrer podkast.
Engasjement for betre samferdsel
Det ser lovande ut for riksveg 13 framover. Denne veka inviterte Bu- og Ringøy Bygdekvinnelag til eit opent møte med Nye Veier og Statens vegvesen for å få svar på spørsmåla mange lurer på om framdrifta på utbetringane som krevst på strekninga Kyrkjenes-Bjotveit i Ullensvang.
Rundt 65 personar møtte opp, inkludert ordførar og varaordførar i Ullensvang kommune.
Dei frammøtte fekk ifylgje Hardanger Folkeblad høyra at byggjeleiar i Statens vegvesen, Bente Bjotveit, håpar å få mellom 20 og 30 millionar kroner til utbetringstiltak på fem delstrekningar i Ullensvang dei neste to åra. Behovet er meld inn, og endeleg svar på om dei naudsynte midlane vert innvilga kjem i desember.

Trass i tiltak som både utbetrar vegbana og gjer vegen breiare, kom det derimot ingen lovnadar om slutt på kolonnekøyringa ovanfor dei frammøtte i Grannaheimen på Ringøy.
Utbetring av vegar er eit aktuelt tema for fylkeskommunen også.
Halvparten av fylkesvegnettet i Vestland er allereie kartlagt med tanke på bereevne og kvalitet, og 25 prosent av desse vegane har kritisk behov for forsterking.
No skal dei gjenståande fylkesvegane også kartleggast. Fleire stader er utbetringane allereie i gang, slik som på fv. 576 i Strandebarm.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja oss på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

