Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
På nyåret vil ein stor del av innhaldet vårt hamna bak betalingsmur. Nytt høvet og sikra deg abonnement til ein god pris allereie no.
I denne utgåva kan du lesa om:

Har sikra drift av båtruta
Frå før av er det kjent at ruta går over til kommersiell drift når avtalen fylket har med noverande operatør går ut etter 2026-sesongen.
Førebels er det ikkje kjent kven som overtek drifta, men Myrheim har stor tru på at det vil koma på plass ein kommersiell operatør. Ho seier det er gode moglegheiter for å utvikla båtruta vidare og håpar mellom anna å få lagt til fleire stopp langs Sørfjorden.
– Målet er at me etter kvart kan tilby alle reisande ei grøn reiserute heilt frå Bergen til inst i Hardangerfjorden, seier ho.
Serveringstips til julematen
Hardanger.no lanserer i dag podkastserien Hardangersnakk. Her vil me invitera ulike gjester til å snakka om tema dei har spesiell kunnskap om, og fyrst ut er siderentusiast og nyutdanna pommelier, Stian Kristiansen.
Han fortel om dei grunnleggjande prinsippa ein må tenkja på når ein skal setja drikke til mat, og kjem med tips til kva sider som harmonerer best med nokre av dei mest vanlege julerettane.

Tre sidrar til topps
Sider frå Hardanger får stadig fleire tilhengjarar i Europa. I slutten av november gjekk to av siderprodusentane frå Hardanger heilt til topps i konkurranse med sidrar frå heile verda.
Abram Goldman-Armstrong representerte Alde sider på festivalen Sagardo Forum i slutten av november og fortel om travle dagar.
– Det er generelt stor etterspurnad etter sider frå Hardanger, og folk var veldig interesserte, spesielt i issider, seier han.

Alde sider henta heim ein gullmedalje, medan Ulvik Frukt & Cideri fekk med seg to. Asbjørn Børsheim frå sistnemnde er ikkje overraska over at sideren frå Hardanger fell i smak ute i verda.
– Sider frå Hardanger er rein og klar på smak fordi han er laga på konsumeple i staden for sidereple, noko som gjer at han skil seg frå sider dyrka i andre land, seier han.
Inga avklaring for Lingalaks
Denne hausten har bransjeavisa iLaks fylgd prosessen rundt eit mogleg sal av Lingalaks.
I ein ny status til avisa oppgjev styreleiar Erlend Haugarvoll at ingenting er avklart.
iLaks har også spurt Haugarvoll om korleis prosessen påverkar dei tilsette i selskapet, men det svarar han ikkje på.
Tidlegare i haust blei det kjent at selskapet si nye innovasjonssatsing blei stoppa på grunn av kostnadsinnsparingar.
Ei siste påminning!

Er du mellom nyhendebrevabonnentane våre som bur i Bergen, må du gjerne stikka innom temafrukosten vår neste veke.
Me har invitert professor Jostein Bakke og førsteamanuensis Pål Nielsen frå UiB og Bjerknessenteret til live podkastinnspeling om korleis klimaendringane vil prega Hardanger i åra framover.
Du finn meir informasjon om arrangementet ved å trykka på knappen under.
Har du nokon tankar om denne utgåva av nyhendebrevet? Kom gjerne med tilbakemelding ved å svara på denne e-posten, eller ta direkte kontakt med meg på e-postadressa under.
Tips kan du senda til tips@hardanger.no
Hjelp oss gjerne å veksa på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

