

Når Dialektfestivalen i Strandebarm rullar i gang denne veka, er det med eit breiare fokus enn tidlegare. Frå å konsentrera seg om dialekter, til å handla meir om det som gjev ein identitet.
Berre i Hardanger er det eit mangfald av dialekter som både skapar band og skilnadar. For som Randi Jåstad i programnemnda seier:
– Sjølv om orda ein brukar endrar seg, heng lyden og tonefallet igjen og viser kva del av Hardanger du kjem frå.

Ynskjer meir planar på tvers
I dag kom ein ny rapport frå Miljødirektoratet som viser at halvparten av nye næringsareal som er under planlegging i Noreg i dag ligg i skog. Kun 12 prosent ligg i område som allereie er bygd ut, og Vestland tronar på toppen av lista over kven som har sett av størst areal til næring.
Direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, oppmodar kommunane til å sjå på tvers av kommunegrenser og til å «velja areal som gjev minst mogleg konflikt med klima- og naturomsyn».
Professor ved Institutt for Statsvitenskap, Jan Erling Klausen, seier til NRK at dette er vanskeleg i praksis:
– Kvar vesle kommune vil ønskje å ha næringsareal tilgjengeleg innanfor sine eigne grenser, og når kampen om arbeidsplassar og investeringar tettar seg til, har kommunane få insentiv til å «sjå på tvers av kommunegrensene».
På dette kartet kan du sjå kva næringsareal som er planlagde både i Hardanger og resten av landet.

Har du fått med deg den nyaste episoden av podkastserien vår, Hardangerfolk? Her deler dagleg leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Eliassen Myrheim sine tankar om kvifor ho meiner Hardanger har tapt posisjonen sin dei siste åra, og kva som å til for at regionen skal koma meir på banen igjen.
Episoden kan du søkja opp der du vanlegvis høyrer podkast.
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Send meg gjerne ein e-post!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no