Kvart år får Kommune-NM, NHO si kåring av dei mest næringsvennlege kommunane i Noreg, ein del merksemd.
Kåringa er basert på offisiell statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og Nav, og rangerer kommunane etter kor gode dei er på å leggja til rette for lokalt næringsliv.

Ser ein landet under eitt, hamnar alle dei store byane høgt på lista. Felles for desse er høg sysselsetjing, lågt sjukefråvær og høg netto innflytting.
Låg befolkningsvekst, høgt sjukefråvær og svak kommuneøkonomi er forhold som trekkjer kommunar ned på lista.
Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum, oppsummerer utfordringane mange kommunar i distriktet opplever:
– Kommune-NM viser tydeleg at mange distriktskommunar vert prega av smådriftsulemper. Lite næringsvariasjon og dårleg tilgang på arbeidskraft hemmar grunnlaget for vekst. Svekka kommuneøkonomi bli endå ein stein til byrda.
Midt på treet
Når ein rangerer kommunane i Vestland, må ein omtrent til midten av lista over dei 43 kommunane før Hardanger er representert.
Ullensvang hamnar på 21. plass, like bak Kvinnherad. Vidare fylgjer Kvam (27.), Eidfjord (34.) og Ulvik (37.).
Over Hardanger-regionen på lista finn ein kommunar langs kysten, samt kommunar i regionar som har vist seg å vera frampå når det gjeld å få til vekst i næringslivet, slik som Sunnhordland.
No er ikkje dette ei liste over kva kommunar som objektivt sett er best å bu i. Det er heller ikkje uvesentleg kven som er avsendar av lista.
Likevel dannar ho eit bilete av kor det vert satsa mest på å utvikla det lokale næringslivet i fylket vårt.

Dette er noko både Hardangerrådet og næringslivet i regionen er opptekne av.
For skal ein få til meir, hjelper det ikkje berre å ha vilje til å satsa. Reint praktisk må også logistikken gå opp, og der veit me at det framleis er mykje å gå på i vår region.
Både folk og varer må vita at dei kjem seg fram utan for store ulemper, til alle tider, gjennom heile året.
Sjølvsagt er det også meir som må på plass for at Hardanger-kommunane skal krypa oppover lista til NHO Vestland i åra som kjem.
Men skal ein få til gode og stabile arbeidsplassar som er attraktive hjå yngre arbeidstakarar, som i sin tur kan skapa befolkningsvekst i kommunane, er ein avhengig av god samferdsel.
Er det noko kommunane i øvre halvdel av lista har lukkast med dei siste åra, er det mellom anna det.

Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Har du tips, innspel eller noko du vil ta opp? Då høyrer eg gjerne frå deg på e-postadressa under.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
