Etter at Siv Fossåskaret slutta i NRK i vår, har ho fått mange tilbakemeldingar frå folk som lurer på kva ho gjer no.
Denne veka får lyttarane eit gjenhøyr med den kjende radiorøysta når ho er gjest i serien Hardangerfolk.

I podkastepisoden fortel ho mellom anna om oppveksten i Ålvik og den sterke Hardanger-identiteten ho alltid har hatt med seg. Ho fortel òg korleis det var å slutta i jobben etter 35 år, og om den store sorga ho opplevde i vinter.
Trykk på biletet over for å lesa meir, der finn du også lenkje til episoden.
Trur på sal
To unike overnattingsstadar på kvar sin kant av Hardanger har lege ute for sal ei god stund, utan at nokon kjøparar har meldt seg.
Jaunsen Gjestgjevarstad i Granvin og Rosendal Turisthotell har til felles at historien deira strekkjer seg langt tilbake i tid, men er elles ulike både i storleik og konsept.
Denne helga er det ny visning på Jaunsen, og meklaren er optimistisk med tanke på eit sal i løpet av ein månad eller to.
Trykk på biletet under for å lesa saka

Vil avvikla
14. oktober skal Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke møtast. På agendaen står ei sak med forslag til føringar for ferjetenestene i fylket før desse skal ut på anbod til våren.
På kuttlista står ferjesambandet Kinsarvik-Utne, som det blir føreslege at ein kan vurdera å erstatta med eit kommersielt tilbod.

I forslaget ligg det inne at sambandet Jondal-Tørvikbygd bør styrkast, og at Kvanndal-Utne skal halda fram på dagens nivå.
I føringane til det nye anbodet blir det også lagt vekt på elektrisk drift av ferjene.
Saka skal opp til avgjerd i fylkesutvalet 21. oktober.
Mykje å rydda
Skademeldingane etter uvêret «Amy» har hagla inn denne veka, og forsikringsselskapet Frende melder at dei ikkje har fått inn tilsvarande tal naturskadar sidan stormen «Nina» i 2015. Også andre forsikringsselskap melder om eit høgt antal skademeldingar frå Vestland fylke.
Ulvik var mellom stadane som vart hardast råka. Der tok vinden med seg hustak og bygningar og førte til langvarig straumbrot.
Denne helga ser det heldigvis betre ut vêrmessig, sjølv om det kan bli litt vått for arrangørar og gjester på Matkulturfestivalen i Øvre Eidfjord laurdag.

Hardanger.no veks litt for kvar veke som går, og eg vil nytta høvet til å ynskja alle nye følgjarar av nyhendebrevet velkomen!
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!

