Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også. Klikk her viss du ynskjer å kjøpa abonnement.
No søkjer me fleire som kan laga innhald for oss. Sjå meir info nedst i nyhendebrevet.
Innhald i denne utgåva:

Jazzkunstnaren
Ingunn van Etten har ei lang kunstnarkarriere bak seg, men har ikkje planar om å trappa ned.
Frå basen heime på Hauso i Ullensvang jobbar ho for tida med å førebu årets festivalutstilling til Vossa Jazz.
– Fyrst tenkte eg det ville bli for travelt å få det til, eg hadde ikkje mange kunstverk på lager. Men eg fann raskt ut at det ville vere ei spennande utfordring, og sa ja. Eg likar å arbeida mot eit mål, eg er glad i musikk og eg gler meg no over hyggjeleg samarbeid med arrangørane og til utstilling og festival, fortel ho.
Denne veka svarar ho på spørsmåla frå Johild Mæland i Hardanger.no sin eigen spørsmålsstafett.
Sjekka matberedskapen i fylket
Statsforvaltaren i Vestland har sjekka korleis det står til med matberedskapen i Vestland.
Rapporten er eit ledd i oppfylginga av regjeringa sin nasjonale tryggleiksstrategi som vart presentert i fjor vår.
Analysen deira viser at matvareberedskapen i Vestland er relativt robust i møte med uynskte hendingar, takka vere variert matproduksjon både på land og i sjømatnæringa.
Utfordringa i ein krisesituasjon vil i mange tilfelle vera å få matvarene fram over større avstandar.
– På same måte som annan forsyningsberedskap, er matvareberedskapen avhengig av vegtransport. Vestland har ein krevjande geografi og topografi. I kombinasjon med eit sårbart vegnett, vil det kunne skape forsyningsutfordringar. Det gjeld både ved transport av varer internt i fylket, og med omsyn til tilførselen av varer frå andre deler av landet, skriv Statsforvaltaren i oppsummeringa av rapporten.
Det er i Hardanger det skjer

Veit du om noko spennande som skjer i Hardanger framover?
Då må du senda det til redaksjon@hardanger.no sånn at me får det med i den nye oversikta vår.
Hugs å få med dato og stad for arrangementet!
Har du lyst å laga innhald for oss?
Hardanger.no søkjer skribentar som har interesse for næringsliv og utvikling i Hardanger. Me kan tilby frilansavtalar som kan kombinerast med jobb eller studium, eller engasjement på fulltid i ein kortare eller lengre periode.
Ta kontakt med underteikna for ein uforpliktande prat!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
