Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Det er valdag, og utover kvelden og natta får me folket sin endelege dom over kven som går ut av valkampen som vinnarar og taparar.
Utfallet av stortingsvalet har noko å seia for den overordna retninga landet skal styrast i dei neste fire åra. Men uavhengig kven som hamnar i posisjon sentralt vil det vera viktig og avgjerande med ein aktiv dialog for alle som ynskjer å få til noko i Hardanger.
Som ein tidlegare stortingspolitikar nyleg sa til meg:
– Uansett kven som styrer er det mogleg å påverka dei og få gjort dei endringane som trengst for at me skal få til ting i Hardanger.

I tidlegare nyhendebrev har me omtalt at talet på førehansrøyster i forkant av stortingsvalet aldri har vore så høgt som i år. Nesten halvparten, 47,1 prosent, har førehandsrøysta.
VG har sett talet opp mot valdeltakinga ved førre stortingsval i 2021 som var på 77 prosent. Legg ein til grunn ei tilsvarande valdeltaking i år, vil det sei at over 61 prosent av veljarane allereie har stemt før sjølve valdagen.
Prosentvis er det i Ullensvang og Kvinnherad det er flest som har førehandsrøysta når ein ser på kommunane i Hardanger-regionen:
- Kvinnherad: 51,3 % (5132 av 10005 røysteføre)
- Ullensvang: 51 % (4087 av 8021 røysteføre)
- Ulvik: 49,7 % (387 av 779 røysteføre)
- Voss: 47,2 % (5686 av 12036 stemmeføre)
- Kvam 43 % (2696 av 6272 røysteføre)
- Eidfjord 40,6 % (276 av 679 røysteføre)
Med unntak av Ulvik, er det ein oppgang i talet på førehandsrøyster samanlikna med stortingsvalet i koronaåret 2021. (I Ulvik var det då heile 60,9 prosent som førehansrøysta.)
Er du lei av valkamp og politikarar i alle kanalar?
Då vil eg slå eit slag for Hardanger.no sin nye podkastserie, Hardangerfolk. Har du enno ikkje høyrt episoden som kom før helga, er det berre å leita han opp der du vanlegvis lyttar til podkast.
Benedicte Maurseth var fyrste gjest ut, og i episoden fortel ho både om høgdepunkt frå karrieren så langt, og korleis det var å vera barn og ungdom i Eidfjord på 80- og 90-talet.

Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
