Hardanger

Er Hardangerfjorden i ferd med å døy?

Temalunsj: Er Hardangerfjorden i ferd for å døy?

KLIKK HER FOR Å MELDE DEG PÅ

Hardanger.no inviterer til temalunsj for alle som bryr seg om fjorden – anten du er forskar, elev, politikar, næringsdrivande eller berre ein vanleg fjord-ven.

Dei siste åra har fleire slått alarm om tilstanden i Hardangerfjorden. Kan me stå framfor dei same problema som Oslofjorden, med overgjødsling, daude soner og tapt marint liv? Eller er det framleis håp?

På temalunsjen møter du fagfolk og lokale aktørar som deler kunnskap og synspunkt. Det vert samtalar om overvaking, oppdrett, naturvern og politiske grep. Her får du sjansen til å høyra, stilla spørsmål – og kanskje sjølv bidra til løysingar.

Program:

  • Individuelle samtalar med Mari Myksvoll (Havforskingsinstituttet), Tom N. Pedersen (Statsforvaltaren), Oddvar Soldal (Hardanger Naturvernlag) m.fl.
  • Panelsamtale om løysingar og moglegheiter
  • Rom for spørsmål og innspel frå salen

Arrangementet er gratis, og det vert enkel servering.
Meld deg på i dag!

📆 28. august 2025

⌚️ 12:00 til 14:00, dørene opnar 11:30 for kaffi og mingling

KLIKK HER FOR Å MELDA DEG PÅ

Annonse