Anne Karin hjelper folk med interiør og oppussing: – Det kjekkaste er når folk seier det blei akkurat slik dei ville ha det
For Anne Karin Djupevåg er gleda ved å hjelpa andre ei viktig drivkraft. Men å driva eiga bedrift har bode på både opp- og nedturar.


"Korleis visste du at det var akkurat sånn me ville ha det?"
– Den type tilbakemeldingar er veldig kjekke å få, då veit eg at eg har treft spikaren på hovudet, seier Anne Karin Djupevåg.
Ho driv sitt eige firma, AK Interiør, og titulerer seg som interiørkonsulent og bustadstylist.
Sjølv har ho opp gjennom åra henta mykje inspirasjon frå kontoar i sosiale medium, og synest det er positivt viss ho no kan inspirera andre.
– Det hender stadig at eg møter ukjende folk som seier dei fylgjer meg på Instagram, og det er jo veldig kjekt, seier ho.
Frå hobby til levebrød
Anne Karin er oppvaksen i Tørvikbygd på 80- og 90-talet og fortel at ho har vore interessert i fargar og interiør på hobbybasis sidan ho var ung.
I yrkeslivet valde ho utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, mellom anna fordi ho ville jobba med menneske.
Ho stifta tidleg familie og slo seg ned i heimbygda med mann og etter kvart fire born. Interiørinteressa heldt fram med å vera ein hobby i dei travle småbarnsåra.
Etter kvart som ungane blei store, vaks også draumen om å gjera hobbyen til noko meir seg større. Og til slutt bestemte Anne Karin seg for å gjera noko med det.
– Eg dreiv ei stund ein interiørbutikk på nettet, men merka fort at det blei lite interiør og mykje administrasjon og logistikk. Så det var ikkje noko for meg.

I staden fekk ho seg jobb på Fargerike i Norheimsund, der ho jobba meir direkte med kundane og gav råd om fargar og materialval.
Samstundes var det ein del av ho som sakna å driva med "heile pakka", frå å koma med råd om oppussing og ulike løysingar til å hjelpa med møblar og interiør.
Då det baud seg ei moglegheit til å gjera nettopp det, tok ho sjansen og hoppa på.
– Eg blei med i noko som heitte Skyhome. Enkelt forklart var det eit teikneprogram med integrert nettbutikk. Der kunne eg teikna ei ferdig romløysing med møblar eg la inn frå nettbutikken, slik at kunden fekk sjå eit fullverdig forslag til korleis det kunne sjå ut.
Då Skyhome gjekk konkurs, heldt ho fram på eigne bein og har sidan då hatt små og store oppdrag som rådgjevar og stylist både i Hardanger og Bergensområdet.
Ho jobbar også som fast vikar på Toloheimen, ein jobb ho trivst veldig godt i og som er grei å kombinera med å driva eiga bedrift.
Fargepsykologi
I jobben som interiørkonsulent får Anne Karin både høve til å vera kreativ og samtidig hjelpa andre. Det er ein kombinasjon ho likar.
– I det fyrste møtet med kunden ber eg dei fortelja litt om kva dei likar og ikkje likar. Samstundes «les» eg dei litt ut frå korleis dei kler seg, kva dei jobbar med, stilen på huset og liknande. Tidleg i prosessen stiller eg opne spørsmål som utfordrar smaken deira litt, og gjev det tid til å modnast.

Som sertifisert fargerådgjevar er ho naturleg nok glad i fargar:
– Fargane me omgjev oss med påverkar korleis me har det i kvardagen. Dei kan lyfta oss opp, roa oss ned og gje oss ei kjensle av tryggleik og harmoni. Eller dei kan fylla oss med energi og kreativitet. Det gjeld å finna dei nyansane som best uttrykkjer kunden sin personlegdom og stil.
Anne Karin fortel at det er fleire ting som gjer ein heim til noko anna enn eit utstillingsvindauge.
– Mønstermiks, fargekombinasjonar og overflater med ulik tekstur er nøkkelord. Dette må setjast saman på ein god måte slik at heimen vert spanande og personleg, og ikkje ein «katalogheim».
Oppdraga ho får varierer, både i omfang og tid på året.
– Det går litt i periodar kva type oppdrag eg får. Det er flest styling-oppdrag på våren og hausten, medan oppussingsprosjekt er meir jamt fordelt gjennom året.
Økonomisk berg- og dalbane
Men å fylgja draumen om å driva for seg sjølv, har bydd på nokre utfordringar.
I slutten av januar i år kunne fylgjarane på Instagram lesa eit innlegg der Anne Karin opna seg om ei vanskeleg tid.
Når bilen er tom for drivstoff eller straum, so fyller me på. Når kroppen er tom so gjer me gass? Da gir ikkje meining.
Ho forklarar at det var fleire ting som hadde skjedd parallelt, men i hovudsak var det eit hus-sal som drog ut i tid som gjorde ting vanskeleg.

Sjølv om familien treivst godt i heimbygda hennar, hadde ho og ektemannen, Rune Djupevåg, alltid hatt ein draum om å bu rett ved fjorden. Då det i fjor vinter dukka opp eit høve til å kjøpa ein eigedom med privat båtbrygge i Norheimsund, slo dei til.
Men å selja huset i Tørvikbygd var ikkje rett fram, og dei enda med å sitja lenge med to hus.
Anne Karin gjekk vakter på Toloheimen samstundes som ho var vikar i skule og barnehage. Det var travle dagar, gjerne med doble skift. På heimebane var ho i full gang med oppussing av det nye huset.
Medan ting stod på tenkte ho ikkje så mykje over det, men då dei endeleg fekk selt huset i Tørvikbygd før jul i fjor, fekk ho ein fysisk reaksjon i kroppen som fylgje av langvarig stress og vart sjukemeld.
– Eg valde å vera open om det, for det er ikkje noko å halda hemmeleg. Og det gjekk jo fint med meg.
Sjølv om det vart tøft økonomisk ein periode og ho difor måtte prioritera å jobba så mykje ho kunne på Toloheimen, håpar ho det kan bli meir å gjera for AK Interiør framover.

Enn så lenge er inntekta frå oppdraga for varierande til at ho kan leva av berre det, og det lever ho i grunnen heilt fint med.
– Eg tek det som det kjem og stressar ikkje med å få nye oppdrag. Eg har sjølvsagt veldig lyst på alle oppdrag eg kan få, men kjenner også at eg endeleg har landa i det vaksne livet mitt i eit hus eg har lyst å bu i lenge, seier ho, og ler litt sidan ho trass alt har to døtre som kan karakteriserast som vaksne og har flytta ut for lenge sidan.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at ho trivst i den nye heimen som grensar til fjorden, og som ho deler med ektemannen og dei to ungane som framleis bur heime.
– Me har alltid drøymt om å bu ved sjøen, og no gjer me det. Det er nett sånn me skal ha det.
Utover hausten skal Anne Karin dela tips til små og store prosjekt med Hardanger.no sine lesarar. Det fyrste prosjektet kan du lesa om her.