– Ei underfortalt historie
Denne helga samlast kunst- og kulturhistorikarar og andre historieinteresserte seg i Ulvik for å løfta fram historien om den vandrande kunstnaren Catharine Kølle.

– No er me i Portsdam i Tyskland og sit på ein benk, som faktisk ser litt ut som denne her, og ser utover. Er det ikkje vakkert? seier Kristine Alida Netteland i rolla som Catharine Kølle.
Skodespelaren har det siste året jobba med å dramatisera historia om Catharine Kølle saman med kollegaane i teaterkompaniet «Eventyr i parken». I strålande solskin går ho og medskodespelar Lina Taule Fjørtoft gjennom dei siste detaljane før generalprøven i Holmen kulturpark.
– Eit veldig ærefullt oppdrag, seier Fjørtoft om førespurnaden dei fekk av Geir Netland for snart eitt år sidan.
Han jobbar for Ulvik herad som prosjektleiar for arbeidet med å løfta fram historien om den vandrande kunstnaren som mange i distriktet ikkje har kjennskap til.
Som eit ledd i å auka kunnskapen om Catharine Kølle, ynskte han å bruka teater som formidlingsarena for dei minste.
Fredag er det klart for urpremiere på stykket «Kunsten å gå, kunsten å sjå» for barnehageborn og småskuletrinnet i Ulvik.
– Me driv med det me kallar vandreteater, og sånn sett passa det ekstra godt sidan Catharine Kølle også var ein vandrar, seier Katrine Alida Netteland som nokre kanskje dreg kjensel på frå mellom anna rolla som bakergutten i Fyllingsdalen teater si oppsetjing av Hakkebakkeskogen.

Unike vitnesbyrd
Historia om Catharine Hermine Kølle har gått litt under radaren for mange, også i hennar eiga heimbygd Ulvik.
Ho vart fødd inn i ein velståande familie frå Snarøya utanfor Oslo i 1788. Då mor hennar vart psykisk sjuk og måtte bli tatt hand om på ein institusjon, hamna Catharine og systrene Helene og Ambrosia i Ulvik saman med faren.
Han var teolog og lærar, og dreiv ein privatskule på Snarøya før dei flytta vestover. I Ulvik vidareførte han skulen og gav undervisning til unge gutar «som hadde eit smart hovud», fortel Geir Netland som gjennom prosjektarbeidet har blitt godt kjend med historien til Kølle-familien.

Catharine sleit tidleg med ein vond hoste og hadde fått beskjed om at gåturar var bra for helsa. Det tok ho på største alvor, og i løpet av sitt vaksne liv la ho ut på fleire lange vandringar i Noreg og utlandet. Dei lengste turane gjekk til Italia, dit gjekk ho fram og tilbake to gonger. Fyrste gong i 1826 då ho var nær 40 år gamal, og siste gong som 70-åring, året før ho døydde.
På gåturane hadde ho med seg skissebok og notatblokk, og kom heim att frå turane med det som den dag i dag er eit unikt kulturhistorisk vitnesbyrd.
Ei underfortalt historie
Heimen på Holmen i Ulvik vart tidleg ein stad for informasjonsdeling og refleksjon. Kvar sundag etter kyrkjetid samla bygdefolk seg her for å bli oppdaterte på kva som hadde skjedd den siste tida.
Kølle-familien var mellom få som hadde aviser på den tida, og opna heimen sin for at fleire skulle få sjansen til å halda seg oppdaterte på nyhende frå inn- og utland. Desse samlingane fekk namnet Ulvikaparlamentet og har sjølvsagt fått ein naturleg plass i teaterstykket.
– Der formidla dei siste nytt frå verda, og så kunne dei dansa litt og ha diskusjonar og debattar, ein slags salong. Og her vart det Catharine fortalde tatt veldig på alvor sjølv om ho var kvinne, sidan ho var den einaste som hadde vore ute i verda, fortel Lina Taule Fjørtoft som spelar systera til Catharine, Helene. Også ho eit kjend fjes for dei som har sett førestillingar med Teaterrotta dei siste åra.



Kristine Alida Netteland og Lina Taule Fjørtoft ser fram til å visa stykket dei både spelar i og har regissert for publikum. Foto: Thomas B. Brandt
1/3
At historia om Catharine Kølle ikkje har nådd fleire, kan ha samanheng med tida ho levde i, seier prosjektleiar Geir Netland.
– Dette er ei underfortalt historie, trur eg, fordi ho var dame. Den tida ho levde hadde kvinner ein avgrensa rett, seier han.
Eit stort kunstnarisk talent
Catharine Kølle etterlét seg over 250 akvarellar og tusen sider reisedagbøker frå vandringane sine gjennom Noreg og Europa. Desse har blitt tatt vare på for ettertida av Universitetsmuseet og Universitetsbiblioteket i Bergen.
Geir Netland fortel at med unntak av eit opphald hjå ein onkel i København i ungdomstida der ho fekk litt teikne- og maleundervisning, var Catharine sjølvlært. Ho levde i ei tid der det ikkje fanst noko formell kunstutdanning for kvinner. Likevel er akvarellane hennar av høg kunstnarleg kvalitet.
– Når ein zoomar inn på bileta som er digitaliserte, blir ein mektig imponert. Sidan ho måtte pakka lett når ho skulle på vandreturane sine, var alt så smått som mogleg. Skisseblokka var som regel berre 40x30 cm, men likevel har akvarellane hennar ein detaljrikdom som er heilt utruleg. Ho var openbert eit stort talent som hadde lært seg og reindyrka dette på eiga hand, seier han.

Solid fagleg forankring
No skal historia om Catharine Kølle og kunsten hennar løftast meir fram for ålmenta. Teaterframsyninga i Holmen er ein liten del av programmet for det som er ei heil helg vigd til fordjuping i kunstnarskapet.
60 personar har meld seg på Kølle-seminaret laurdag, der det blir ei rekkje fagføredrag og ein panelsamtale om visjonar for eit Kølle-senter i Ulvik.
Netland seier det har vore stor interesse for seminaret og at det no er fullteikna.
– Me har samla dei som har mest kunnskap og ekspertise på feltet, kunsthistorikarar, litteraturvitarar og kulturformidlarar. Det har vore viktig for oss å sikra høg fagleg kvalitet på programmet når folk reiser langvegsfrå for å få det med seg, seier han.
Ein viktig medspelar i arbeidet med Kølleseminaret er Universitetsbiblioteket i Bergen og Spesialsamlingane ved UiB, som i fleire år har forska på og digitalisert Kølle sitt materiale.
– UiB jobbar framleis med å få fram ny forsking og kunnskap om Kølle, fortel Netland.








Naustet i Holmen har fått ein viktig plass i vandreteateret.
1/8
Langsiktig arbeid
Sjølv om seminaret er fullteikna, er det fleire arrangement det er mogleg å vera med på i løpet av helga.
Fredag ettermiddag er det open vandring i Holmen, der representantar frå Holmen Kulturpark fortel om planane for området. Laurdag kveld fortel Torbjørn Dyrvik frå Ulvik sogelag om Kølle og Ulvikfolket, og Agnete Sivertsen frå Hardanger folkemuseum fortel om dei særmerkte bringklutane frå Holmen i Ulvik. Alt skjer i Holmen kulturpark, der Annlaug Børsheim vil bidra med musikalsk stemning.
Og sundag føremiddag kan ein få kjensla av korleis det var å delta på sundagssalong hjå familien Kølle, med open kafé og omvising i Isdalshuset med Jorunn Veiteberg i utstillinga som opna i juni i fjor og syner nokre av Catharine Kølle sine verk.
Geir Netland fortel at Kølleseminaret i helga er ei eingongshending som er del av eit større og langsiktig arbeid.
– Utvikling av Holmenområdet og vidareføring av Kølle-arven er nemnt spesielt i Ulvik herad sin strategiske nærings- og utviklingsplan, og Kølle er òg omtalt i kommunen sin kulturvernplan, seier han.
Starten på noko større
Det langsiktige målet er å gjera Kølle til ein levande del av Ulvik sitt tilbod til både fastbuande og besøkande.
Planane inkluderer mellom anna vandreruter i Ulvik i Kølle sine fotspor, ei permanent utstilling i Holmen Kulturpark og ei gjenoppliving av det historiske «Ulvikaparlamentet» – ein møteplass for utveksling av tankar, idear og kunnskap som Kølle-familien var ein sentral del av.

– Mange meiner grunnen til at Ulvik alltid har vore langt framme både når det gjeld kultur og folk med høgare utdanning, starta med Ulvikaparlamentet og det Kølle-familien bidrog til, seier Netland.
Til hausten skal han levera ein rapport med tilråding til heradsstyret om vegen vidare for Kølle-formidlinga i Ulvik.
– No arrangerer me Kølleseminaret for å auka merksemda og få eit godt kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet. Eg håpar det opnar opp mykje, seier Netland.
Skodespelarane frå «Eventyr i parken» ser fram til å endeleg få visa fram det dei har skapt for borna i Ulvik.
– Eg håpar dei vil lika det. Me skal ta dei med på ei vandring her i hagen som forhåpentlegvis gjev dei litt innsikt i korleis det var å leva på den tida og kven Catharine Kølle var. Og så har me lagt inn nokre oppgåver dei skal læra litt av undervegs, så me får håpa dei likar det, seier Lina Taule Fjørtoft.
