


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Børsnoterte Elkem opplyste sist veke at det vil setja i verk omfattande kostnadskutt, som mellom anna inneber at 300 fulltidsstillinger skal bort innan utgangen av 2026.
Prosessen starta umiddelbart og vil primært råka dei delane av Elkem som er direkte berørte av salet av silkondivisjonen til kinesiske Bluestar som , kom det fram i ei børsmelding frå selskapet.
Kutta tilsvarar rundt ti prosent av arbeidsstokken som er att etter salet av silikonverksemda som inkluderte rundt 4000 tilsette. Etter salet har selskapet om lag 3100 tilsette att, og det er mellom desse dei 300 stillingane skal kuttast i løpet av året.
Dagleg leiar i Elkem ASA, Helge Aasen, forklarte at grepet dei no gjer er naudsynt for å styrkja konkurranseevna og den finansielle robustheita.
– Vårt fokus på kostnadsreduksjonar og effektivisering er avgjerande for å sikra framtida til Elkem som eit solid og smidig selskap, i stand til å gripa nye moglegheiter, uttalte han i samband med børsmeldinga.
Selskapet tek sikte på innsparingar i arbeidskapital og investeringar på til saman 1,3 milliardar kroner, i tillegg til å redusera årlege løns- og driftskostnadar med rundt 600 millionar kroner.
Ny konsernstruktur i Elkem skal bestå av tre divisjonar: Elkem Silicon, Elkem Foundry og Elkem Carbon. Bjølvefossen vil høyra til under Elkem Foundry.
Verkssjef Stig Bruntveit har ikkje oversikt over korleis endringane som er sett i gang i moderselskapet eventuelt vil råka lokale arbeidsplassar.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.