


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Inst i Sørfjorden føregår det som kan bli starten på eit grønt industrieventyr.
Midt i produksjonshallen hjå Odda Mekaniske Verkstad ligg ei lang line og to vaksne karar på golvet. Kim Kristensen og Per Gunnar Aas er i full gang med å festa fleire vaskeposar med to små klossar ulike stader på lina.
Meir om innhaldet i vaskeposane seinare. For gründerane bak selskapet Disruptive Value Group (DVG) har bokstavleg talt lege litt lågt i løpet av dei fem åra dei har jobba med å utvikla produktet sitt.
– Det handlar om konkurransesituasjonen. Me har halde korta tett til brystet, forklarar Per Gunnar.


Per Gunnar Aas og Kim Kristensen gjer seg klare til den sjuande testen av materialet dei har utvikla.
1/2
Enkelt forklart jobbar selskapet Disruptive Value Group (DVG) med å utvikla berekraftige og nedbrytbare materialløysingar som kan erstatta bruk av stoff som er skadelege for miljøet i havet.
Per Gunnar Aas og Kim Kristensen er gründerar, og enn så lenge dei einaste tilsette i selskapet som jobbar tett med å offshoreindustrien og den maritime næringa for å utvikla ulike skreddarsydde sluttprodukt.
Fram til no har dei altså ikkje søkt så mykje merksemd for det dei driv med, men no er det slutt på noko av hemmeleghaldet.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.