


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Det har blitt selt flest bustader i Kvam, men også i resten av Hardanger har det vore ein jamn straum bustadsal dei siste månadane. Eigedomsmeklaren har tru på ein stabil haust og vinter.
– Det har vore god aktivitet i bustadmarknaden i Hardanger dei siste månadane. Me har sett ein jamn straum av sal både på bustadar og fritidsbustadar, og generelt raskare omsetnad enn tidlegare, seier dagleg leiar i Nordvik Hardanger, Sebastian Gjerde.
Han fortel at leilegheiter har gått unna på berre nokre veker, medan det tek noko lenger tid å få selt fritidsbustadar.
– Men også der ser me gode prisar og stabil etterspurnad, seier han.

Kvam på topp
Det har vore flest sal i Kvam, særleg av einebustadar og leilegheiter. Gjerde forklarar dette med nærleiken til Bergen og arbeidsmarknaden der.
Det einaste du treng å gjera for å lesa vidare, er å registrera e-postadressa di nedanfor.
Hardanger.no si
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.