


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Gravensar Audun Brekke (51) tek over som dagleg leiar ved Moelven Granvin Bruk.
Brekke kjem frå stillinga som vedlikehaldsleiar same stad og er såleis godt kjend i bedrifta.
– Gjennom dei siste fire åra har eg blitt godt kjend med både selskapet, den daglege drifta og alle dei dyktige folka som jobbar her. Det gjev ei tryggheit og eit godt utgangspunkt inn i den nye rolla, uttalar den påtroppande daglege leiaren i ei pressemelding send ut måndag ettermiddag.
Audun Brekke tek over etter Ørjan Kalsaas som har vore dagleg leiar dei siste ni åra. Kalsaas har sin siste arbeidsdag 30. november.
Som vedlikehaldsleiar har Brekke vore del av leiargruppa i bedrifta. Sidan han tok til i stillinga i 2021 har han hatt ansvar for fleire oppgraderingar ved sagbruket.
Det einaste du treng å gjera for å lesa vidare, er å registrera e-postadressa di nedanfor.
Hardanger.no si
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.