


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Kjersti Bjørke er klar for å tala næringslivet si sak.
Det er ein månad sidan Kjersti Bjørke tok over jobben som dagleg leiar i Kvam næringsråd, og ho er godt i gang med å setja seg inn i arbeidsoppgåvene.
Med bakgrunn som rådgjevar i det private næringslivet og for ulike kommunar på Vestlandet, samt fleire år i Hardanger og Voss næringshage, har ho eit breitt nettverk frå alle typar verksemder.
– Eg er ikkje ukjend med det eg går til. I næringshagen jobba eg mykje med samhandlinga mellom det offentlege og private, så eg har god oversikt over verkemiddelapparatet. Eg trur det er ein fordel at eg kjenner mange verksemder og forstår kva behovet deira er, seier ho.
Stillinga i Kvam næringsråd er 40 prosent. Resten av arbeidstida er Bjørke gründer. Etter ni år i Hardanger og Voss næringshage var ho klar for noko nytt.
– Eg held på å starta opp ein fabrikk i lag med to andre, der skal me driva 3D-prenting i stor skala for industrien. I fyrste omgang arbeidsbåtar, fortel ho.
– De skal prenta ut båtar?
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.