


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Då næringslivet i Vestland samla seg i Oslo denne veka, var det fleire som viste til Hardanger.
Arrangementet «Vest i Øst» har blitt ein årleg tradisjon i Oslo.
Kvelden før NHO sin årskonferanse, samlast næringsliv, politikarar og samfunnsaktørar frå Vestland på hotellet Sommerro sentralt i hovudstaden.
Konferansen er eit samarbeid mellom NHO Vestland og Vestland fylkeskommune, og i år var overskrifta «Korleis skal Vestland sikra nok kraft, konkurransekraft og innovasjon?».
Frå Hardanger deltok leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Myrheim og dagleg leiar i Næringshagen i Ullensvang, Hans Inge Myrvold.
Sistnemnde fortel om ein nyttig kveld, og han skulle gjerne sett at fleire Hardangerverksemder var til stades.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.