


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Selskapet Hardingsmolt AS frå Kvam er den aller fyrste kjøparen av ei ny, lukka merdløysing. – Ei naturleg oppskalering basert på dei same prinsippa av våre eksisterande merdar, seier dagleg leiar, Frode Sandven.
Hardingsmolt AS er aller fyrste kjøpar av den lukka merdløysinga Heimdall som vart lansert under akvakulturmessa AquaNor tidlegare i haust.
Merda er utvikla av konsernet ScaleAQ som leverer teknologi og løysingar til havbruksnæringa og har meir enn 900 tilsette globalt.
Hardingsmolt som har base i Tørvikbygd i Kvam, har drive eit postmoltsanlegg ved Koløy på Fitjar sidan 2019 med lukka merdar.
– Me har allereie hatt inne ein søknad til behandling om å auka lukka produksjon hjå forvaltningsapparatet sidan august i fjor. Den nye lukka merda skal brukast i lag med dei andre lukka merdane i tråd med den innsende planen, seier Sandven.
– Me ser for oss å kunna ha ein del av vår smoltproduksjon innanfor trygge barrierar heilt frå rogn til slakt i drifta vår, legg han til.

Ynskjer fortgang
Han seier dei no håpar på eit snarleg svar frå Vestland fylkeskommune slik at den ynskte utviklinga med overgang til lukka løysingar ikkje stoppar opp.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.