
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.
Forskingsleiar frå Havforskingsinstituttet, Mari Myksvoll, vil ikkje svartmåla situasjonen i Hardangerfjorden heilt. Men det er spesielt éi utfordring det hastar å få bukt med.
Forskingsleiar ved Havforskingsinstituttet, Mari Skuggedal Myksvoll, var fyrste gjest på scenen då me inviterte til temalunsj om tilstanden i Hardangerfjorden førre veke.
Etter å ha innleia med å setja Hardangerfjorden i samanheng med andre norske fjordar, gjekk samtalen over til å handla om kva som er dei største trugslane mot miljøtilstanden i fjorden framover.

Her trekte havforskaren fram motverking av lakselus som det viktigaste enkelt-tiltaket å jobba med på kort sikt.
– Havforskingsinstituttet gjev ut ei årleg risikovurdering for havbruk om kva som er dei største utfordringane. Og per no seier me at det er lakselus og dyrevelferd som er hovudproblemet, fortalde ho.
Samstundes gav ho honnør til dei lokale aktørane i oppdrettsbransjen for å vera langt framme i teknologiutviklinga:
– Det er stort engasjement frå næringa når det gjeld å utvikla løysingar for såkalla nullutsleppsteknologi.

På spørsmålet om ho er uroa for at Hardangerfjorden blir øydelagd for framtida, svara ho slik:
– Eg er ikkje bekymra for at han døyr, men eg er bekymra for at han endrar seg, sa ho, og la til at endringane som skjer er eit resultat av menneskeleg påverknad lokalt og klimaendringar som kjem utanfrå:
– Så eg er bekymra for at me ikkje greier å ta vare på det økosystemet som er her no.
Sjå heile samtalen med Mari Skuggedal Myksvoll i videoen øvst i artikkelen.
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.