
– Viss me skal få ny teknologi på plass, så må han faktisk testast ut
Statsforvaltaren står fast på at det var riktig å setja ein stoppar for fleire oppdrettssøknadar i Hardangerfjorden, men møter motbør frå næringa.

Statsforvaltaren står fast på at det var riktig å setja ein stoppar for fleire oppdrettssøknadar i Hardangerfjorden, men møter motbør frå næringa.

Men dagleg leiar Marit Buttingsrud ser lyst på framtida til Hardanger Bygdeysteri.

I fjor haust spekulerte mange i om Haugarvoll-familien var i ferd med å selja Lingalaks til ein større aktør i oppdrettsnæringa. Men salsprosessen vart avblåst, og no fortel Erlend Haugarvoll om planane vidare.

Hotellsjef Trine Utne-Bacorn har lagt bak seg eit hektisk halvår på Brakanes Hotel. Ho avslører at det er spesielt éin ting som har endra seg hjå gjestane.

Internasjonale Innovex kjøper opp selskap fra Vestlandet, som har utviklet en glassplugg innen oljenæringen som har blitt verdenskjent.

Fotograf Ingerid Jordal merkar at kvardagen som sjølvstendig næringsdrivande har blitt meir krevjande.

– Eg gjer ikkje dette for å tena pengar, men for at hobbyen ikkje skal bli for kostbar, seier Lars Kristian Bu med eit smil. Han står bak eitt av dei nye tilboda turistar i Hardanger kan oppleva i sommar, nemleg dagcruise på Hardangerfjorden.

Det siste halvåret har både vore krevjande og motiverande for leiar i Hardanger og Voss Næringshage, Trude Undebakke.

Fjordtinget har blitt eit årleg samlingspunkt for næringslivet i Hardangerregionen. I år var fokuset retta mot kva som krevst av næringslivet på Vestlandet når verda ser ut som ho gjer akkurat no.

Bergensmilliardær Trond Mohn har eit nært forhold til Hardanger.

Statkraft og Elkem har inngått ein ny, sjuårig kraftavtale som sikrar straum til smelteverket Elkem Bjølvefossen i Ålvik.

Statsminister Jonas Gahr Støre var full av lovord etter å ha besøkt Bjølvefossen.
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

– Me treng arbeidskraft og folk.
Slik skildrar ordføraren i Ullensvang no-biletet i kommunen.
I den ferske episoden av Hardangerfolk, siterer Roald Aga Haug tidlegare samfunnsøkonom og professor ved NHH, Victor Norman, når han peikar på eit av dei største hindera for å få til vekst i folketalet. Sett bort frå den generelle demografiske utviklinga med færre fødde barn då.
– Viss du skal «redda» Hardanger, må du korta inn avstanden mellom dei to sentera som finst i Hardanger, nemleg Odda og Norheimsund/Øystese. Viss me får til ein felles bu- og arbeidsmarknad der, vil det vera redninga for Hardanger.

Han peikar på at kommunikasjonen mellom andre regionsenter som Rosendal, Husnes og Voss også er viktig, både for å sikra tilgang på arbeidskraft og utvikling i folketalet.
– Folk er så opptekne av å koma seg til Bergen og Oslo, men det er mykje viktigare at folk kjem seg mellom Norheimsund og Odda, og kanskje Voss og Odda, slik at ein får eit stort nok tyngdepunkt her inne til at du kan byta jobb, og partnar forsåvidt, seier han.
Og akkurat det med å byta partnar er han litt oppteken av:
– Folk byter partnar, og viss du då ikkje har nok partnaremne å velja i flyttar du frå plassen, seier han.

Utviklinga skjer her og no
Roald Aga Haug trekkjer fram at det har skjedd mykje positivt i og rundt Odda dei siste åra, men seier det er krevjande å forvandla den store verdiskapinga til høgare folketal.
Som ordførar har han vore spesielt oppteken av lokalt næringsliv og at folk skal få realisera draumane sine.
– Eg bestemte meg for ein del år sidan at anten det gjeldt 17. mai-talar eller andre ting så seier eg like gjerne ja med ein gong, fortel han i podkasten.
I tillegg til ny tunnel, rassikring og vidare vekst i det lokale næringslivet, har han éin spesiell draum for framtida. Kva det er kan du høyra i den ferske podkastepisoden som du finn her.
Denne veka er ordførar i Ullensvang kommune, Roald Aga Haug, gjest i podkastserien Hardangerfolk.