– Kanskje kan eg få lov til å kalla meg ein Hardanger-ven
Sjølv om han verken hadde blenkjande ordførarkjede eller framstod som spesielt lysten på merksemd, var det ingen tvil om kven som var hovudpersonen i gymsalen på Strandebarm skule i går.

Trond Mohn kom til skulen på kongeleg vis i blankpolert bil og vart tatt imot av fleire ivrige bekjentskapar frå eit langt liv med tette band til Hardanger.
