
– Det blir ikkje berre ferie når det er ferie heime
Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.

Frøydis Århus har lagt bak seg eit hektisk halvår som ny Vossa Jazz-sjef. I juli koplar ho av, før eit nytt festivalprogram skal spikrast til hausten.

Her er ei oversikt over det som skjer i Hardanger i sommar. Veit du om noko som ikkje står på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no, så får me det med.

Thomas Tveit Bakketun (15) og Åsmund Nesbakken Røynstrand (snart 14) har trass sin unge alder allereie rokke å bli godt etablerte i folkemusikkmiljøet i Noreg.

Therese Birkelund Ulvo er kunstnarisk leiar for Hardanger Musikkfest. I sommar skal ho kvila øyrene og fylla på med fjell og bøker, før det brakar laus med kammermusikkfestivalen på Lofthus i august.

Granvin kyrkje har stått i 300 år. I helga blir jubileet feira med nyutgjeven bok, konsert og fleire geistlege gjester.

Sjølv om han verken hadde blenkjande ordførarkjede eller framstod som spesielt lysten på merksemd, var det ingen tvil om kven som var hovudpersonen i gymsalen på Strandebarm skule i går.

Han har mista talet på kor mange bestikkseriar han har designa for Hardangerbestikk. Men Per Finne sin portefølje består av langt meir enn ete-reiskap.

Julie Røssland har dirigert mange store symfoniorkester i Noreg og Europa. Men å få ansvaret for opningskonserten på Hardingtonar betyr noko ekstra for 25-åringen frå Voss.

I 1826, medan svenskekongen framleis såg på 17. mai-markeringar som opprørsk verksemd, inviterte sokneprest Niels Hertzberg til feiring på Lofthus.

Denne helga samlast kunst- og kulturhistorikarar og andre historieinteresserte seg i Ulvik for å løfta fram historien om den vandrande kunstnaren Catharine Kølle.

Anna Gursli Langesæter si viktigaste rolle i gjennomføringa av Hardanger internasjonale siderfest, er å tilretteleggja for samhald og gode opplevingar.

Dei tre ungdomane har til felles at dei alle er elevar i 8. klasse på Granvin barne- og ungdomsskule og driv med folkemusikk på fritida gjennom Voss kulturskule og Hardanger spelemannslag. Dei er også Noregsmeistrar i pardans alle tre, og som om ikkje det var nok har dei òg til felles at alle vart inviterte vidare til fylkesfinalen i UKM Vestland i år.
Medan det siste ikkje har vore eit heitt tema mellom medelevane, har trioen fått nokre kommentarar frå dei vaksne på skulen.
– Det har vore nokre lærarar som har sagt det er bra gjort at så mange frå same klasse gjekk vidare, seier Sverre.
UKM er ein gratis, landsdekkande kulturfestival for alle mellom 13 og 20 år.
I februar vart det arrangert fleire lokale UKM i kommunar over heile landet, mellom anna i Norheimsund i Kvam, Jondal i Ullensvang og på Voss, der ungdom frå Ulvik og Eidfjord også var med.
Under UKM på Voss deltok Olina med to grupper, i tillegg til at ho spelte toradar åleine. Det var med solonummeret ho vart invitert vidare til fylkesfinalen som skal gå føre seg i Førde denne helga.
Sverre spelar også toradar, medan Åsmund sitt instrument er hardingfele.
Sjølv kan ikkje Åsmund hugsa kor gamal han var då han fekk si fyrste hardingfele, men han har i alle fall spelt i 7-8 år no, kan han fortelja.
Med både pappa, Alexander Aga Røynstrand, og Knut Hamre som læremeistrar, er det kanskje ikkje så rart han har utmerkt seg med felespelinga si allereie.
– Korleis er det å ha far sin som instruktør då?
– Det er heilt topp! Eg øver med han kvar måndag og med Knut kvar torsdag. Han har ikkje undervisning med så mange, men det er meg og tre til, fortel Åsmund.
– Spelar du med far din utanom øvingane? lurer Sverre på.
– Det hender, kan Åsmund stadfesta.

Ingrid Standal Sørheim er toradar-instruktøren til Sverre og Olina. Dei må tenkja seg litt om på spørsmål om når dei starta med toradar, men kjem fram til at det var i løpet av hausten 2022.
Olina speler forresten litt hardingfele også, og både Sverre og Åsmund dansar halling. Sverre er rett nok ikkje like aktiv med det lenger som han var ei stund, sidan skiskyting og trening tek opp det meste av fritida dagane han ikkje øver toradar.
– Kva trur de er grunnen til at det er så aktivt folkemusikk- og folkedansmiljø her i Granvin?
– Det handlar nok mykje om tradisjon, at det er mange slektningar som har drive med det opp gjennom, seier Åsmund.
– Og så har me mange vener som driv med det. Me hadde ikkje drive med det viss det ikkje var kjekt, så me har det jo kjekt, supplerer Sverre.
Medan Åsmund og Sverre skal til fylkesfestivalen i UKM for fyrste gong, deltok Olina i fjor då han vart arrangert i Åsane.
Ho fortel at ho ikkje reiser denne gongen, sjølv om ho vart invitert. Men ho fekk med seg fleire gode opplevingar i fjor.
– Det var veldig kjekt. Ein kan melda seg på ulike aktivitetar i løpet av helga, i tillegg til at ein opptrer og kan gå vidare til ein landsfinale, seier ho.
Dei to gutane gler seg til å reisa til Førde i helga.
– Me reiser på fredag. Det blir gøy, og så slepp me litt skule, seier Sverre.
Han har aldri vore i Førde før, og er litt spent på om det er så ille der som ein kunne få inntrykk av i TV 2-serien «Mord i Sogn» som gjekk i påsken.
– Der gjekk dei jo rundt og dissa Førde heile tida, seier han.
I Førde skal gutane sova i gymsal og delta på ulike aktivitetar. Sverre og ein kompis frå Voss som òg vart invitert vidare til fylkesfestivalen, har meldt seg på målekurs.
– Kva gler de dykk mest til i helga då?
– Å få applaus, kjem det kontant frå Sverre.
– Og møta vener, seier Åsmund, før han legg til:
– Det blir kjekt å spela også.

Fylkesfestivalen startar fredag kveld, og i løpet av helga blir det kunstutstilling, og sceneframsyningar med musikk, dans, film og teater. I tillegg er det ungdomar som styrer foto, rigging, lys og lyd, og er programleiarar og produsentar.
– Endeleg er det tid for ein felles fylkesfestival! No gler me oss til at om lag 300 ungdomar kjem til Førde for å syna fram ting dei har laga og øvd på. Og me håpar at sunnfjordingar og andre tek turen innom for å sjå på, seier Jacob Nødseth, som leiar hovudutval for kultur idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune og kjem for å opna UKM på Førde vidaregåande skule fredag kveld.
– UKM er kort sagt ein stad der ungdomane kan vera seg sjølve og gjera det dei likar. Det handlar om skaparglede, samarbeid og det å vera del av eit fellesskap utan press eller konkurranse, seier Nødseth.
Eit utval av ungdomane som deltek på fylkesfestivalen i Førde blir plukka ut til å delta på den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 20.–24. juni.
Olina Festø Kjerland, Sverre Sollien Lillegraven og Åsmund Nesbakken Røynstrand representerer ein ny generasjon folkemusikarar frå Hardanger.