Gründerane i FjordMoods: – Me vil gjera noko bra både for miljøet og lokalmiljøet
Fjord- og fjellfondet doblar i år pengetildelinga til gründerar og verksemder i Hardanger og Voss. For skaparane av Sondre-stolen har fjorårets tildeling bidratt til å gjera konseptet deira kjent.


– Pengane kom absolutt vel med, seier Katrine Van Tulder.
Saman med ektemannen Pieter driv ho firmaet FjordMoods som har base i Steinstø i Kvam. Dei to har utvikla og starta opp 2050 Furniture, ein lokal møbelproduksjon som er basert berre på gjenvunne treverk frå lokale avfallsstraumar.
Tidlegare i år var dei ein av to mottakarar som fekk tildelt 150 000 kroner i støtte frå Fjord- og fjellfondet i 2024, eit samarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage og Sparebanken Norge si stifting Agenda Vestlandet.
Pengane kom godt med i oppstarten av 2050 Furniture og produksjonen av Sondre-stolen.

– Svingete veg
Katrine fortel at ho og ektemannen stifta bedrifta FjordMoods i 2016.
– Du kan trygt sei det har vore ein svingete veg, og det har tatt lang tid å byggja opp selskapet og skaffa oss kundar, seier ho.
Heilt frå byrjinga har det vore viktig for ekteparet å bevara idealismen bak det dei gjer. Grunntanken er eit ynske om å skapa etiske alternativ i bruk og kast-samfunnet, der billege og kortvarige løysingar går på bekostning av berekraft og kvalitet:
– Slik verda er i dag, kan det ikkje halda fram. I marknaden som rår trumfar økonomi både folk og natur. Me føler sterkt at me berre må gjera noko med det. Med 2050 Furniture beviser me at det er mogleg å produsera møblar og samstundes ta vare på natur og menneske, seier Katrine.
Pieter har bakgrunn som møbeldesignar frå Belgia og tok med seg erfaringa frå å bruka gjenbrukte materialar til Noreg.
Katrine fortel at han alltid har hatt ein tanke om å utvikla ein større struktur rundt gjenbruk av material, for på den måten å skapa større positive ringverknader både for natur, menneske og lokalsamfunn.
Lågterskel-produksjon
Med 2050 Furniture og Sondre-stolen meiner dei å ha oppnådd nettopp det.
FjordMoods har utvikla ein produksjonsprosess og invitert lokale bedrifter med.
Selskapet Bir Nyverdi i Norheimsund sorterer ut treverk som har blitt kasta og er på veg til forbrenning, og leverer det til 2050 Furniture-produksjonen.
Treverket blir tatt imot av Hardanger AKS i Øystese, ei lokal attføringsbedrift som hjelper folk som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet.
Her blir materialet saga, høvla og laminert til halvferdige delar som så blir sende vidare til interiørprodusenten Faginnredning i Rolvsvåg som produserer endelege delar og gjer stolen ferdig.
– Måten Sondre-stolen er laga på er ein lågterskel metode sånn at kven som helst kan vera med i produksjonen. Det er Pieter som designar møblane i 2050 Furniture og me i lag som administrerer det heile. Sjølve produksjonsprosessen føregår hjå aktørar som allereie står på eigne bein. Dei går saman med oss om ein ny måte å produsera på - som bidreg til naturvern, sosial inkludering og levande lokalsamfunn, seier Katrine.



Mange har trua
Paret har med bedrifta FjordMoods allereie hausta fleire prisar for arbeidet med å finna berekraftige løysingar innan møbelproduksjon, og etter kvart har dei fått fleire større kundar.
– Før sommaren leverte me stolar til Construction City i Oslo. Det er kjempestas å få vera med i eit slikt prosjekt, seier Katrine og legg til at dei også har bedrifter i Bergen, Trondheim og Stavanger på kundelista.
2050 Furniture rettar seg fyrst og fremst mot bedriftsmarknaden, sjølv om det også er mogleg for kven som helst å kjøpa Sondre-stolen.
Tidlegare i månaden deltok FjordMoods på Designers Saturday i Oslo med 2050 Furniture. Det er eit arrangement som med nær 6000 besøkande og 180 utstillarar blir omtala som den største og viktigaste møteplassen for design og interiørarkitektur i landet.
Katrine seier det var stas å få vist seg fram.
– Me opna showroom saman med to andre sirkulære verksemder frå Vestland, Minus og Bioregion Institute. Showrommet hadde namnet «Regeneration», der bedriftene fekk vist fram sine berekraftige løysingar for framtida. Det er fint å vera eit etisk alternativ og fortelja om kvifor og korleis me gjer det me gjer. For oss er ikkje målet størst mogleg økonomisk gevinst, men at produksjonen skal balansera miljømessig verdi, sosial verdi og økonomisk verdi, seier ho.


Doblar potten i år
Seniorrådgjevar i Hardanger og Voss Næringshage, Nils Lavik, er prosjektleiar for Fjord- og fjellfondet som altså gav 150 000 kroner i stønad til Katrine og Pieter si bedrift i fjor.
Han seier det er Sparebanken Norge som utnemner juryen som skal vurdera verksemdene og prosjekta, medan Hardanger og Voss Næringshage har ei rådgjevande rolle.
Vidare fortel han at fondet prioriterer prosjekt som bidreg til grøn omstilling, viser nytenking og kreativitet, og som har eit sterkt vekstpotensial i ein marknad med etterspurnad. Det bli også lagt vekt på at søkjarane har kompetanse og ressursar til å gjennomføra prosjektet.

Han seier FjordMoods med møbelproduksjonen 2050 Furniture hadde alt dette på plass, og difor var ein naturleg kandidat å gje stønad. I tillegg fekk Bruket Arkitektur som har tilhald på Voss også 150 000 kroner frå fondet i fjor.
Lavik fortel at Næringshagen vart overvelda over alle søknadane som kom inn i fjor.
– Mange søknader heldt høg kvalitet i høve til tildelingskriteria, og me oppmoda difor om å auka potten for tildeling i år. Verken eg eller andre i Næringshagen sit i juryen, men dei hadde i fjor grunna mange gode kandidatar ei krevjande oppgåve med å velja ut vinnarane, held Lavik fram.
Reidun Skålheim Solberg er assisterande banksjef i Sparebanken Norge og med i juryen i Fjord- og fjellfondet.
– Sparebanken Norge er engasjerte i og opptekne av næringsutvikling i distrikts-Norge, og det var for Agenda Vestlandet difor ikkje vanskeleg å seia ja då Hardanger og Voss Næringshage søkte om å dobla støtta basert på erfaringane frå 2024, uttaltar ho i ei pressemelding.
I år vert altså den samla potten på 600 000 kroner, og både gründerar og etablerte verksemder med forretningsadresse i Voss, Kvam, Ullensvang, Eidfjord eller Ulvik kan senda inn søknad om pengestøtte.
Funne marknad
Katrine Van Tulder seier det er kjekt å byrja å sjå resultatet av mange års arbeidsinnsats.
– Me har kome oss inn i marknaden med Sondre-stolen. Det viktigaste er likevel ikkje sjølve stolen, men måten han er laga på. Verda i dag har ikkje behov for fleire stolar, men det er behov for gode prosessar, seier ho.
Ho fortel at 2050 Furniture mellom anna er interessant for bedrifter fordi dei kan bruka material frå renoveringsprosjekt og laga dei om til stolar til nye lokale.
– For bedrifter som er opptekne av å få med seg litt av den gamle historien sin vidare, er dette ein måte å bidra til det på. Og dessutan er Sondre-stolen bra for klimarekneskapen!

Saman med Pieter jobbar ho med å starta fleire lokale produksjonsprosessar etter mønster av Sondre-stolen både her i landet, og i utlandet.
På Designers Saturday fekk dei mellom anna besøk av Elle Decorations som skreiv om 2050 Furniture og FjordMoods i magasinet sitt.
– At eit magasin med 1,6 millionar følgjarar kallar 2050 Furniture eit merke folk bør kjenna i norsk design. Det er nydeleg! Tenk om omsorg og gode prosessar verkeleg blir sett i fokus framover, seier Katrine.