
– Stort å ta inn kulturopplevingane me er ein del av
Over 3300 gjester fordelt på 33 ulike arrangement var innom Poesifestivalen i Ulvik i år.
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

Over 3300 gjester fordelt på 33 ulike arrangement var innom Poesifestivalen i Ulvik i år.

Lyrikar Torild Wardenær debuterer som festivalpoet under Poesifestivalen i Ulvik denne veka. Sist gong ho besøkte bygda, var i eit heilt spesielt høve.

Sommaren 2015 hadde Marie Skeie sommarjobb som formidlar ved Kabuso, ved sidan av masterutdanning ved Kunsthøgskulen i Oslo. I januar neste år vender ho tilbake til kunsthuset i Øystese, denne gongen som leiar.

Saknar du noko i oversikta? Send nokre ord om arrangementet til post@hardanger.no, så fører med det på lista.

Kringkastingsorkesteret er eitt av trekkplastra når Hardanger Musikkfest feirar 30 år denne veka. Sjefdirigent Holly Hyun Choe er godt i gang med førebuingane.

Manglar det noko på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no så legg me det inn.

Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.

Frøydis Århus har lagt bak seg eit hektisk halvår som ny Vossa Jazz-sjef. I juli koplar ho av, før eit nytt festivalprogram skal spikrast til hausten.

Her er ei oversikt over det som skjer i Hardanger i sommar. Veit du om noko som ikkje står på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no, så får me det med.

Thomas Tveit Bakketun (15) og Åsmund Nesbakken Røynstrand (snart 14) har trass sin unge alder allereie rokke å bli godt etablerte i folkemusikkmiljøet i Noreg.

Therese Birkelund Ulvo er kunstnarisk leiar for Hardanger Musikkfest. I sommar skal ho kvila øyrene og fylla på med fjell og bøker, før det brakar laus med kammermusikkfestivalen på Lofthus i august.

Granvin kyrkje har stått i 300 år. I helga blir jubileet feira med nyutgjeven bok, konsert og fleire geistlege gjester.
Hardanger Badstovefestival skal lokka både badstoveentusiastar og landkrabber til Ulvik i helga.

Vigdis Nielsen, Alis Lund-Johansen og Jostein Thorsen frå festivalstyret er samla til eit arbeidsmøte på Prestakaien og fortel om korleis det heile starta.
– Det var Alis sin idé. Me sat i Laugarstova ein dag i haust og så sa ho plutseleg: «kanskje me skal laga ein festival?» Og eg tenkte berre «yes, då kan me dansa!» seier Vigdis som etter seansen i badstova fekk tittelen festivalsjef.
– Det er klart at når festivalsjefen ville dansa, måtte det bli dans på programmet. Og bandet me aller helst ville ha med var Undergrünnen, så me er veldig nøgde med at me faktisk fekk booka dei, supplerer Alis.
Etter ei rask idédrodling i Laugarstovo i fjor haust, tok Vigdis og Alis kontakt med Jostein Thorsen som driv Hardanger flytebadstu som til vanleg ligg på andre sida av vika for Prestakaien.

Jostein var positiv til eit samarbeid, og då starta ballen å rulla. Dei oppretta styre og danna ein ideell organisasjon, og byrja planlegginga.
– Me sende ein søknad til Sparebankstiftinga Hardanger, og då me fekk støtte frå dei skjønte me for alvor at me måtte gjera noko, fortel Vigdis. Sidan har dei òg fått midlar frå Voss Sparebank og Ulvik herad, i tillegg til at mange lokale verksemder stiller opp både med gevinstar til basar og annan hjelp.
Eirik Kvarv i reklamebyrået Glynt vart hyra inn til å laga nettside og eigen festivallogo.
– Den er me veldig nøgde med! Oppdraget var «litt Hawaii i Hardanger», og han trefte godt på bestillinga allereie i fyrste runde, seier Vigdis.

Badstover har blitt populære over heile landet, også i frukt- og siderbygda Ulvik som på kort tid har fått fleire badstover å velja mellom.
Vigdis Nielsen og Alis Lund-Johansen har vore med på å byggja eit miljø av badeentusiastar på Prestakaien. i 2020, og fekk sidan bygd Laugarstovo på dugnad.
– Det handlar om å skapa gode samfunn. Me starta med å bada, og så plutseleg vart me ein god gjeng. Så fekk me lov til å byggja Laugarstovo i det gamle Prestanaustet. Det har vore ei sakte oppbygging av eit miljø nedanfrå, noko som har ein utruleg verdi i eit lokalsamfunn, seier Alis.
– Det sosiale er kjempeviktig, understrekar Vigdis som i fortalde om korleis nettopp dette miljøet har vore viktig for ho etter at ho flytta tilbake til heimbygda etter eit heilt vaksenliv andre stader.
– Badstova har litt same funksjon som den lokale puben, berre utan alkohol, sier ho.

for badstovefestivalen har blitt til undervegs i planlegginga.
Festivalstyret er nemleg tydelege på at dette skal vera ein festival for alle, både dei som elskar å ta badstove og dei som aldri har prøvd det før.
På dagtid kan ein mellom anna få med seg familiekonsert og badedikt i Holmen Kulturpark, eller vera med på badstoveritual med Hilde Karlsen som under namnet Vinternatt nyleg vart kåra til «årets badstumester».
Frå Bergen Laugarlag kjem ein heil gjeng som har med eit eige badstovetelt for familiar og andre som vil testa korleis det er å ta badstove. Og om kvelden blir det konsertar med nemnde Undergrünnen frå Haugesund, 101 Guitarras, Kor so helst og Brødrene Bliss Band.

Under festivalopninga som er open for alle i bygda, blir det korsong, dans og toradarspel på Prestakaien, som òg vil vera eit naturleg samlingspunkt heile helga.
– Me er jo kulturfolk som arrangerer dette. Me hadde ikkje arrangert festival utan kultur, seier Vigdis.
Ho fortel at ho har kjent litt på det dei siste vekene at programmet har vakse seg ganske stort, med mange detaljar som skal på plass mot slutten.
– Me har mange ulike arrangement på programmet, men me har så små arenaer at det nesten må vera sånn. Dei som kjem på festivalen får eit unikt høve til å bada så mykje dei vil og samstundes oppleva mykje av bygda, seier ho.

Jostein fortel at det har vore god interesse for festivalen, og nokre av badstoverituala med Vinternatt har blitt utselde. Både han og dei andre i styret har tru på at Hardanger badstovefestival har kome for å bli.
– Det er ikkje så mange badstovefestivalar i Noreg. Me veit om ein i Varanger og ein på Sørlandet frå før av, og så er det oss, seier Alis.
– Me skal fyrst og fremst ha det kjekt, og så er målet at dette kan bli ei årleg hending, seier Vigdis, før ho og dei andre i festivalstyret må hasta vidare med å få dei siste detaljane på plass til festivalopninga fredag.

Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.