
– Det blir ikkje berre ferie når det er ferie heime
Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

Når Jorid Lekve Eide tek ferie frå jobben som museumsleiar for Haugesenteret, ventar heilt andre arbeidsoppgåver.

Frøydis Århus har lagt bak seg eit hektisk halvår som ny Vossa Jazz-sjef. I juli koplar ho av, før eit nytt festivalprogram skal spikrast til hausten.

Her er ei oversikt over det som skjer i Hardanger i sommar. Veit du om noko som ikkje står på lista? Send ein e-post til post@hardanger.no, så får me det med.

Thomas Tveit Bakketun (15) og Åsmund Nesbakken Røynstrand (snart 14) har trass sin unge alder allereie rokke å bli godt etablerte i folkemusikkmiljøet i Noreg.

Therese Birkelund Ulvo er kunstnarisk leiar for Hardanger Musikkfest. I sommar skal ho kvila øyrene og fylla på med fjell og bøker, før det brakar laus med kammermusikkfestivalen på Lofthus i august.

Granvin kyrkje har stått i 300 år. I helga blir jubileet feira med nyutgjeven bok, konsert og fleire geistlege gjester.

Sjølv om han verken hadde blenkjande ordførarkjede eller framstod som spesielt lysten på merksemd, var det ingen tvil om kven som var hovudpersonen i gymsalen på Strandebarm skule i går.

Han har mista talet på kor mange bestikkseriar han har designa for Hardangerbestikk. Men Per Finne sin portefølje består av langt meir enn ete-reiskap.

Julie Røssland har dirigert mange store symfoniorkester i Noreg og Europa. Men å få ansvaret for opningskonserten på Hardingtonar betyr noko ekstra for 25-åringen frå Voss.

I 1826, medan svenskekongen framleis såg på 17. mai-markeringar som opprørsk verksemd, inviterte sokneprest Niels Hertzberg til feiring på Lofthus.

Denne helga samlast kunst- og kulturhistorikarar og andre historieinteresserte seg i Ulvik for å løfta fram historien om den vandrande kunstnaren Catharine Kølle.

Anna Gursli Langesæter si viktigaste rolle i gjennomføringa av Hardanger internasjonale siderfest, er å tilretteleggja for samhald og gode opplevingar.

Sissel Lillebostad er avdelingsleiar ved Kabuso og fortel at den eigentlege 20-årsdagen var 21. januar, men at det var meir praktisk å feira litt på etterskot sidan dei held stengt for rydding og vedlikehald i januar.
Laurdag 7. februar er dei tilsette klare for å ta imot publikum igjen, med opning av ny hovudutstilling og foajéutstilling, bursdagsfeiring med representantar frå fylkeskommunen og andre gjester, og konsert på kvelden.
Lillebostad fortel at det blir ei relativt lågmelt feiring.
– Me pakkar det inn i ting me held på med og som er vårhovudverksemd, nemleg kunst og musikk. Dei viktigaste kunstnarane på laurdag er dei som er til stades, men me har òg laga ei lita «minnebok» i form av plakatar og ymse katalogar som er laga til utstillingane me har hatt i løpet av desse 20 åra og som kanskje nokre i publikum dreg kjensel på, seier ho.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .