Loading
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev
For Oddvar Soldal og naturvernlaget i Hardanger, er det viktig at heile fjorden blir sett under eitt, og ikkje kommunevis.
Under temalunsjen om tilstanden i Hardangerfjorden fortalde Oddvar Soldal at naturvernlaget har vore opptekne av å spela på lag med oppdrettsnæringa og kommunane.
Han trekte fram arbeidet med å få laga ein felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden som eit godt initiativ.
Difor er han kritisk til at arbeidet stoppa opp tidlegare i år:
– Det var kome så langt at Hardangerrådet hadde laga ei prosjektgruppe, søkt om pengar og fått pengar til å starta dette arbeidet. Og når då kommunane skulle overta igjen så ville dei ikkje vera med fordi dei ikkje hadde råd til det.
Vedtaket han viser til lyder slik:
Kommunane i Hardanger utset å gjennomføra planarbeid for ein felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden. Kommunane har per i dag ikkje kapasitet til å setja av dedikerte ressursar, og kan såleis ikkje gjennomføra prosjektet på noverande tidspunkt. Me søkjer Statsforvaltar om utsetting av midlane til 2026, i påvente av avklaring i kommunane om midlar og personalressursar til arbeidet, jfr. budsjett for 2026.

Det er dei store utsleppa av næringssalt og fosfor som uroar Soldal mest. Han meiner tiltak for å samla opp slam burde vore tatt i bruk for lenge sidan, og viste til at han som skribent skreiv om dette allereie på 1990-talet.
På spørsmål om han har tru på at det kan koma på plass løysingar som får ned dei samla utsleppa i Hardangerfjorden før det er for seint å snu utviklinga, gjengav han sitatet:
– Det umoglege tek berre litt lengre tid.
Sjå heile samtalen med Oddvar Soldal i videoen øvst i artikkelen.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Oppdrettsgigantane er utolmodige og håpar på eit eige «kraftløft» for utvikling av areal i sjø.

Cecilie Hellestveit har ein viktig bodskap til bedriftseigarar på Vestlandet.

Statsforvaltaren står fast på at det var riktig å setja ein stoppar for fleire oppdrettssøknadar i Hardangerfjorden, men møter motbør frå næringa.

Men dagleg leiar Marit Buttingsrud ser lyst på framtida til Hardanger Bygdeysteri.

I fjor haust spekulerte mange i om Haugarvoll-familien var i ferd med å selja Lingalaks til ein større aktør i oppdrettsnæringa. Men salsprosessen vart avblåst, og no fortel Erlend Haugarvoll om planane vidare.

Hotellsjef Trine Utne-Bacorn har lagt bak seg eit hektisk halvår på Brakanes Hotel. Ho avslører at det er spesielt éin ting som har endra seg hjå gjestane.

Internasjonale Innovex kjøper opp selskap fra Vestlandet, som har utviklet en glassplugg innen oljenæringen som har blitt verdenskjent.

Fotograf Ingerid Jordal merkar at kvardagen som sjølvstendig næringsdrivande har blitt meir krevjande.

– Eg gjer ikkje dette for å tena pengar, men for at hobbyen ikkje skal bli for kostbar, seier Lars Kristian Bu med eit smil. Han står bak eitt av dei nye tilboda turistar i Hardanger kan oppleva i sommar, nemleg dagcruise på Hardangerfjorden.
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.