Ny augustrekord i reiselivet
Aldri tidlegare har det blitt målt like mange overnattingar ved hotell, campingplassar og vandrarheimar i Noreg som i august i år, og Vestland toppar lista. I Hardanger er trenden den same som i resten av landet.


Det er utanlandske gjester som har stått for auken, både på nasjonalt nivå og i Hardanger.
– Me kjenner oss godt igjen i det. Den norske marknaden har positiv utvikling, men utanlandske gjester har den største auken, seier driftsdirektør i Fjordtind Hotels, Tina Våtvik Olsen.
Fjordtind eig Brakanes Hotel i Ulvik, Hardangerfjord Hotel i Kvam og Vøringfoss Hotel i Eidfjord.

Olsen fortel at dei tre hotella samla sett har hatt ein liten auke i belegg i forhold til 2024 som ho skildrar som eit veldig godt år for hotellkjeda.
Målt i omsetnad er auken mot fjoråret på 11 prosent, men det skuldast fyrst og fremst prisauke, noko driftsdirektøren fortel er eit strategisk mål dei har sett seg.
Vestland på topp
Samla sett var det 5,5 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og vandrarheimar i august i år.
Det tilsvarar ifylgje Statistisk sentralbyrå ein auke på 4,7 prosent samanlikna med august i fjor og er det høgaste talet som nokon gong er målt for august månad.
Vestland fylke toppar lista med litt over ein million såkalla kommersielle overnattingar i august, nesten 200 000 fleire enn nummer to på lista, Oslo.
Årsaka til augustrekorden var ein stor vekst i utanlandske overnattingar, nærare bestemt 13 prosent på landsbasis samanlikna med august i fjor.
Det var fleire utanlandske og færre norske overnattingar i begge fylka samanlikna med august i fjor, og over 50 prosent av overnattingane var utanlandske gjester.
– August er den store feriemånaden for mange utanlandske reisande. Litt under halvparten av alle overnattingar ved dei kommersielle overnattingsbedriftene i august var gjort av utanlandske gjester, seier rådgjevar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå.
I Hardanger utgjorde utanlandske turistar 60 prosent av dei ferierande i august. Samla sett hadde regionen ein vekst i overnattingar både frå norske og utanlandske gjester denne månaden.
– For Hardanger-regionen er veksten målt mot august i fjor på heile 13 prosent, fortel dagleg leiar i Visit Hardangerfjord, Andreas Skogseth.
Han seier det er interessant å sjå tala opp mot andre regionar i Noreg.
– Lofoten som har hatt sterkast vekst siste åra hadde samla sett ein vekst på 12 prosent i august i år samanlikna med august i fjor, men opplevde ein nedgang i norske turistar på nesten 30 prosent. I den regionen utgjer utanlandske turistar 80 prosent av gjestene, seier han.
Tyskarar vel Noreg
Ifylgje SSB kom 80 prosent av dei utanlandske overnattingsgjestene i Noreg i august frå europeiske land.

Flest kom frå Tyskland, med over dobbelt så mange overnattingar som nummer to på lista, Nederland. Sverige og Italia var dei neste landa på lista.
– Samansetninga av dei utanlandske overnattingane er ganske forskjellig på sommaren og vinteren. Om sommaren er det flest gjester frå Tyskland, etterfølgt av Nederland, medan vinteren blir dominert av danskar og britar. Sverige er stabilt på tredjeplass i begge sesongar, seier Boyd Oyier om den overordna statistikken for Noreg.
Tina Våtvik Olsen i Fjordtind har ikkje fått besøksstatistikken for sommaren enno, men trur denne harmonerer med statistikken frå SSB.
Hotellsjef ved Brakanes, eit av Fjordtind-hotella, Trine Utne-Bacorn, stadfestar at dei har hatt godt med besøkande:
– Det har vore ein fantastisk sommar på Brakanes Hotel, me ser auke i antal gjester, spesielt idividuelt reisande, både frå USA, Nederland og Tyskland.

Trine Våtvik Olsen fortel at det er nokre skilnadar mellom Fjordtind-hotella.
Hardangerfjord Hotel i Kvam er det einaste av hotella deira som har heilårsdrift. I vinterhalvåret er det fyrst og fremst kurs og konferanse som sikrar ein stabil straum av gjester. Det gjer òg at dette hotellet skil seg ut med å ha flest norske gjester samla sett.
– Brakanes og Vøringfoss Hotel er meir sesonghotell og har på grunn av det ein større andel utanlandske turistar samanlikna med hotellet i Øystese, seier Olsen.

Ny strategi
Olsen fortel at Fjordtind jobbar strategisk for å få fleire individuelle gjester på hotella.
– Me vil alltid trenga den klassiske bussgruppa også, men vil halda fram med å jobba for å få fleire gjester til å bu meir enn ei natt.
Ho seier den felles reiselivsstrategien for regionen som er under arbeid er naudsynt og viktig.
– Denne strategien vil bli ein viktig berebjelke i vårt arbeid også. Me ynskjer å vera ein ansvarsfull aktør i regionen. Berekraftig turisme og berekraftige lokalsamfunn er nøkkelen for framtida, og då må me alle ta ansvar.
Ho legg til at dei tre hotella i Fjordtind vart sertifiserte som Miljøfyrtårn i 2023.
– Me veit at dette òg vil vera viktig for den felles reiselivsstrategien, seier ho.

Andre overnattingar
Statistikken frå SSB inkluderer også andre overnattingar enn på hotell.
Når det gjeld campingplassane i Noreg var det om lag 1,6 millionar overnattingar i august.
Rundt halvparten av desse var norske, medan den andre halvparten var utanlandske overnattingar.
Dei norske overnattingane var på nivå med august i fjor, medan dei utanlandske auka med 14 prosent.
På hyttegrender og vandreheimar var det 230 000 norske og 334 000 utanlandske overnattingar. Dei norske overnattingane auka med 3,6 prosent, og dei utanlandske med 7,6 prosent mot fjoåret.
SSB har ikkje statistikk for privat utleige, men i sommar skreiv Dagens Næringsliv om at Noreg hadde den største veksten i korttidsutleige via Airbnb og Vrbo i Europa.
– Denne typen utleige bidreg ikkje minst til at turiststraumane blir såpass sterke at dei gjev grunnlag for nye flyruter og transportårer. Dermed blir tilgjenget til landet vårt betre for fleire kundegrupper, uttalte Kjetil Smørås som driv fleire hotell i konsernet De Bergenske til DN.