Hardanger logo

– Poesien står mitt hjarta nær

Hildegunn Riise gler seg over å bli invitert til Fossedagane i år.

Kristin Skaare og Hildegunn Riise er fyrst ut på programmet til Fossedagane i år.
Kristin Skaare og Hildegunn Riise er fyrst ut på programmet til Fossedagane i år. Foto: Randi Jåstad

– Det er veldig stas å komma hit til Fossedagane og til Fossehuset som eg likar så godt, seier ho.

Ho kjem rett frå øving, i Fossehuset, saman med pianist og komponist Kristin Skaare. Dei to har fått gleda av å opna Fossedagane i kveld med poesikonserten «Mørket har eit lys» som dei har utvikla i lag.

Poesikonserten omtalar ho som ein vev med ulike tekstar av Jon Fosse og Kristin Skaare sin musikk.