


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Etter at Siderbar Bergen opna dørene i mars, har ein jamn straum av nyfikne bergensarar, hardingar og turistar tatt turen innom.
– Me har hatt folk fra Hardanger innom som seier det var som å koma heim. Det er ei veldig god tilbakemelding. Eg er stolt av det me har starta her, seier Tanja Borge.
I ein gamal kjøpmannsbustad frå tidleg på 1700-talet, midt i hjarta av Bergen, har ho endeleg realisert ein mangeårig draum.
Etter å ha budd og jobba fleire år i Hardanger, selde ho og ektemannen huset i Norheimsund i fjor og flytta «hem til Bergen» for at ho skulle få opna siderbar.
Etter nokre veker med full drift har ho endeleg tid til å pusta litt ut.
– Det byrja litt roleg, men etter påske har det vore veldig travelt. Me har opplevd at det har vore så fullt at folk måtte snu i døra, fortel ho.

Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.