Loading
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev
I 2024 starta Statsforvaltaren eit treårig overvakingsprogram for Hardangerfjorden. Halvvegs i perioden er det ikkje så mange lyspunkt å finna.
– Den parameteren me er mest opptekne av, er oksygennedgangen i den djupe delen av fjorden, sa Tom N. Pedersen, biolog og seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Vestland, då han var gjest under temalunsjen vår om tilstanden i Hardangerfjorden.
Han samanlikna med Sognefjorden som i løpet av 30 år har hatt ein nedgang i oksygennivå på 15 prosent. I Samlafjorden i Hardanger har nedgangen i oksygennivå til samanlikning vore 22 prosent berre dei siste åtte åra.
– Miljøministeren sa endringa i Sognefjorden var dramatisk. Kva ord skal me då bruka om Hardangerfjorden, spurde Pedersen retorisk frå scenen.

Han fortalde vidare at det truleg er klimaendringane som er den viktigaste årsaka til den forverra situasjonen i fjorden:
– Klimaendringane gjer at fjorden rett og slett pustar dårlegare.
Likevel er det mykje ein kan gjera lokalt for å betra situasjonen. Utslepp av næringssalt påverkar oksygennivået i fjorden, og difor er det viktig å finna løysingar som reduserer slike utslepp.
– Lukka anlegg vil fyrst og fremst hindra utslepp av dei store partiklane som påverkar botnen direkte. Det har ein mindre reduksjon når det gjeld oppløyste næringssalt, sa Pedersen.
Han påpeikte at nemninga nullutsleppsanlegg difor er litt misvisande:
– Nullutslepp er null utslepp av lus, det er ikkje null utslepp av næringssalt.
Sjå heile samtalen med Tom N. Pedersen i videoen øvst i artikkelen.
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.


Norsk teknologi for å samla opp og gjenvinna fiskeslam blir løfta fram under FN sitt komande klimatoppmøte i Tyrkia.

Vekstvinnaren Visual Registration System (VRS) frå Odda har bygd suksessen på stadig strengare krav og kompleksitet i verksemder.

Når det europeiske teknologiselskapet Speednet etablerer seg i Noreg, er det med hardingen Stein Gunnar Wallevik som sjef. Målet er å hjelpe norske bedrifter med kunstig intelligens før dei nye EU-krava kjem.


Kvam Auto vart heidra med pris.

Matvogna Pota Madre har fått ein pangstart i Os.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.