Hardanger logo

Meld deg på temafrukost om klimaendringar i Hardanger 16.desember. Les meir

Publisert for 23 dagar sidan|Kultur

Tek med seg ein bit av Hardanger til Australia

Norsk folkemusikk er ikkje kvardagskost for publikum i operahuset i Sydney. Denne helga inntek Benedicte Maurseth og musikarane hennar den verdskjende scena.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 21.11.2025 07:00
Benedicte Maurseth
Benedicte Maurseth har aldri tidlegare reist så langt som no for å framføra musikken sin. Ho er spent på korleis australiarane vil ta imot moderne, norsk folkemusikk.

– Det er fyrste gong eg reiser så langt for å spela, seier Benedicte Maurseth i det ho står ved gaten og er klar for å gå om bord på flyet som skal ta ho til andre sida av jorda.

Laurdag startar ho og musikarane turneen med albumet «Mírra» på sørkysten av Australia, der dei skal spela 6 konsertar dei neste dagane. Sjølv om billettsalet har gått svært bra, er Benedicte likevel spent på korleis det australske publikummet vil lika musikken.