Loading
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

Lid Jarnindustri er mellom bedriftene som blir råka av streik dersom meklinga i frontfagsoppgjeret ikkje fører fram innan fristen.
I ei tysdag opplyser Fellesforbundet at det er brot i meklinga med Norsk Industri. Det betyr at oppgjeret går vidare til tvungen mekling.
Meklinga har frist ved midnatt laurdag 11. april. Blir ikkje partane einige vil 33 237 industriarbeidarar som er organiserte i Fellesforbundet bli tekne ut i streik.
Leiar i Fellesforbundet, Christian Justnes, seier målet er å bli einige med Norsk Industri med hjelp frå Riksmeklaren.
– Målet er som alltid å unngå streik. Men viss me ikkje oppnår eit godt nok resultat må me gå til streik. Då vil dette uttaket råka arbeidsgjevarane hardt og brutalt. Me tek ut nesten samtlege av medlemmane våre som er omfatta av industrioverenskomsten allereie i fyrste uttak, seier han.

Varselet om plassfråtreding som vart send ut i dag omfattar 979 bedrifter, dei fleste organisert i Norsk Industri.
I streikeuttaket er delar av forsvarsindustrien som skal sikra forsvarsevna i Noreg og Europa unntekne. Det same er industribedrifter som produserer naudsynt utstyr til sjukehus, går det fram av meldinga.
På lista over bedriftene som blir råka av streik finn ein mellom anna Odda Kran, Odda Mekaniske Verksted, Odda Tecnhology og Odda Coating Technology i Ullensvang, Sylvsmidja på Voss, Gules Mek. og Landbruksverkstad og nemnde Lid Jarnindustri i Kvam.
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Oppdrettsgigantane er utolmodige og håpar på eit eige «kraftløft» for utvikling av areal i sjø.

Cecilie Hellestveit har ein viktig bodskap til bedriftseigarar på Vestlandet.

Statsforvaltaren står fast på at det var riktig å setja ein stoppar for fleire oppdrettssøknadar i Hardangerfjorden, men møter motbør frå næringa.

Men dagleg leiar Marit Buttingsrud ser lyst på framtida til Hardanger Bygdeysteri.

I fjor haust spekulerte mange i om Haugarvoll-familien var i ferd med å selja Lingalaks til ein større aktør i oppdrettsnæringa. Men salsprosessen vart avblåst, og no fortel Erlend Haugarvoll om planane vidare.

Hotellsjef Trine Utne-Bacorn har lagt bak seg eit hektisk halvår på Brakanes Hotel. Ho avslører at det er spesielt éin ting som har endra seg hjå gjestane.

Internasjonale Innovex kjøper opp selskap fra Vestlandet, som har utviklet en glassplugg innen oljenæringen som har blitt verdenskjent.

Fotograf Ingerid Jordal merkar at kvardagen som sjølvstendig næringsdrivande har blitt meir krevjande.

– Eg gjer ikkje dette for å tena pengar, men for at hobbyen ikkje skal bli for kostbar, seier Lars Kristian Bu med eit smil. Han står bak eitt av dei nye tilboda turistar i Hardanger kan oppleva i sommar, nemleg dagcruise på Hardangerfjorden.