Hardanger logo
Publisert for omtrent ein månad sidan

Rådmennene vil ha betre rutinar for fellesprosjekt i regionen

Tidlegare i år vart Hardangerrådet sitt arbeid med ein forvaltningsplan for Hardangerfjorden sett på vent på grunn av manglande ressursar frå kommunane. No kan rutinane for fellesprosjekt i regionen bli skjerpa.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 17.09.2025 05:15
Hardangerfjorden
Betre rutinar må på plass for å sikra at alle kommunar bidreg med ressursar til felles prosjekt i Hardanger-regionen, slår Rådmannsforum fast..

Rådmannsforum, som er rådmennene frå kommunane i Hardangerrådet sitt eige forum, har laga ei innstilling som vert lagt fram på Hardangerrådet sitt møte i Eidfjord torsdag denne veka.

Her tek dei mellom anna til orde for at det vert utarbeidd ein felles rutine for handsaming av søknadar og prosjekt som går på tvers i regionen, og at desse vert tatt opp i Rådmannsforum og Hardangerrådet før individuell handsaming i kommunane.

Heile innstillinga lyder slik:

  1. Rådmannsforum ønsker at det vert utarbeida ein felles rutine for handsaming av felles prosjekt/søknadar i regionen.
  2. Felles prosjekt må avklara økonomi og bemanningsbehov for kvar kommunane i hendhald til budsjetthandsaming i kommunane.
  3. Prosjekt/søknadar som er felles for fleire kommunar vert tekne opp i Rådmannsforum/ Hardangerrådet før individuell handsaming i kommunane.
  4. Rådmannsforum ønskjer at fordelingsnøkkelen vert vurdert.

Bakgrunnen er at det har vist seg å vera behov for å få på plass meir forpliktande og felles rutinar i prosjekt som går på tvers av kommunegrensene, nettopp for å sikra at prosessar ikkje stoppar opp eller blir unødvendig utsett, slik tilfellet var med forvaltningsplanen for Hardangerfjorden tidlegare i år.

Kommunane sitt arbeid med ein felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden vart tidlegare i år utsett eitt år på grunn av manglande ressursar.
Kommunane sitt arbeid med ein felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden vart tidlegare i år utsett eitt år på grunn av manglande ressursar.

Fleire prosjekt

Framover har Hardangerrådet fleire prosjekt som krev at kommunane fylgjer opp med ressursane dei har forplikta seg til. I tillegg til forvaltningsplanen for Hardangerfjorden, gjeld dette arbeidet med ein felles reiselivsstrategi, sertifisering av Hardanger som berekraftig reisemål, og arbeid med besøksbidrag.

Besøksbidragslova vart vedteken 5. juni i år og er ei frivilleg lov som gjev kommunane moglegheit til å innføra avgift på overnattingar under 30 dagar.

Avgifta kan setjast til inntil 3 %, og skal nyttast til å finansiera fellesgode knytt til reiseliv.

I sakspapira før møtet i Hardangerrådet kan ein lesa at Hardanger-kommunane er samde i at dette bør vera eit regionprosjekt og at prosentsatsane bør vera like i heile regionen.

Norheimsund
Eit mogleg besøksbidrag skal øyremerkast tiltak som mellom anna styrkjer forvalting av natur og kultur.

Vidare står det at kommunane bør utarbeida ein felles plan som skal prioritera fellesgode ut frå behov og besøksmønster, sikra open medverknad frå næringslivet, frivillige og innbyggjarar og synleggjera for gjester korleis avgifta vert nytta.

Midlane frå eit eventuelt besøksbidrag skal «øyremerkast tiltak som styrkjer infrastruktur, forvalting av natur og kultur, samt betre opplevinga for både gjester og fastbuande».

Prisen varierer

Kostnadane for dei ulike fellesprosjekta varierer, men i tilfellet med sertifisering av Hardanger som berekraftig reisemål, er det trong for at dei fire kommunane som utgjer Hardangerrådet løyver 400 000 kroner kvar over ein toårsperiode.

Om sertifiseringa kan ein lesa følgjande i saksdokumenta:

Sertifiseringa skal gi Hardanger eit felles og forpliktande rammeverk for styrt utvikling av reiselivet, der alle kommunane arbeider mot same mål og prioriteringar. Der strategien gir retning og prioriteringar, gir sertifiseringa verktøya og strukturen for å følgje dei opp i praksis. Ho etablerer ein struktur for planlegging, gjennomføring og oppfølging av tiltak som sikrar at vekst skjer på ein berekraftig måte – til gagn for innbyggjarar, næringsliv, natur og kulturarv.

I tillegg må kommunane stilla med «ein dedikert ressurs som fungerer som kontaktperson og koordinator for sertifiseringsprosessen lokalt».

Prosjektet har ei kostnadsramme på 3,6 millionar kroner over to år, der kommunane altså bidreg med 1,6 million av desse.

Lagnaden til båtruta

Hardanger.no har tidlegare skrive om behovet for å få på plass ei vidare finansiering av båtruta som i dag går mellom Norheimsund og Eidfjord, med stopp innom både Ullensvang og Ulvik på turen.

Fylkeskommunen ynskjer ikkje å vera med på vidare finansiering av ruta som dei klassifiserer som turistbåtrute, trass i at operatøren Norled omtalar ho som eit ordinært rutetilbod på sine nettsider.

Norled si båtrute
Skyss har invitert til stormøte i Eidfjord for å invitera til dialog rundt moglege løysingar for ei vidareføring av båtruta mellom kommunane i indre Hardanger.

Uansett ser det no ut til å vera opp til kommersielle aktørar å oppretthalda eit rutetilbod langs fjorden når kontrakta med Norled går ut etter neste sesong.

I samband med møtet i Hardangerrådet, har Skyss invitert til eit stormøte med kommunar, næringsliv og andre aktørar som kan spela ei rolle i finansieringa av eit vidare rutetilbod.

Noverande rutetilbod er eit spleiselag mellom fylkeskommunen, Sparebankstiftinga Hardanger og kommunane i Hardangerrådet, der kommunane tidlegare i år gjekk inn med ekstra midlar for å redda ruta då ho stod i fare kort tid før sesongen starta.