Hardanger logo

– Me designarar har eit ansvar for å ikkje overfløyma marknaden med produkt

Han har mista talet på kor mange bestikkseriar han har designa for Hardangerbestikk. Men Per Finne sin portefølje består av langt meir enn ete-reiskap.

Per Finne har vore industridesignar i fire tiår. I helga opnar han utstilling med smakebitar frå ein lang karriere.
Per Finne har vore industridesignar i fire tiår og har jobba for Hardangerbestikk sidan 2002. I helga opnar han utstilling med smakebitar frå ein lang karriere.

– Eg trur me alle har umedvetne, sanselege behov som gjer at me kjenner skilnaden på god og dårleg design sjølv om me ikkje greier setja ord på det. Fellesnemnaren er at det handlar om kropp og natur, seier Per Finne.

Han meiner god design handlar om å skapa noko folk ikkje har førestilt seg på førehand.

– Det beste komplimentet ein industridesignar kan få er: «sjølvsagt, at ikkje eg har tenkt på det!». Då veit du at du har skapt ei form for gjenkjenning og gjev folk ei positiv oppleving.