Hardanger logo

– Ynskjer å setja meir fokus på øltradisjonen

Ny festival i Hardanger set lokalt øl på menyen.

Stig Lundblad-Sandbakk i Hardanger bryggeri.
Stig Lundblad-Sandbakk i Hardanger bryggeri ynskjer å skapa litt liv i ein periode der det elles ikkje er så mykje som skjer. Foto: Katrine Helgheim Van Tulder

Stig Lundblad-Sandbakk frå Hardanger bryggeri er ein av initiativtakarane bak Ølfest Hardanger. Som namnet tilseier er det tradisjonen med ølbrygging som står i fokus, men eindagsfestivalen har også andre ting på programmet, kan Stig fortelja.