Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.

Det er vår i lufta, og sakte men sikkert vaknar bygdene til liv att etter vinteren. Somme er godt i gang med å skjera til frukttre, andre gler seg over nye joggesko og turr asfalt.
Kostebilen er òg eit sikkert vårteikn, og på Voss er han sjølve provet på at det nærmar seg Vossa Jazz.
Om ei veke brakar det laus med kulturkonferanse og jazzfestival, begge delar med fleire hardingar på programmet.
Festivalsjef Frøydis Århus seier ho håpar arrangementa opplevast viktige for heile regionen.
– Det har blitt ein arena der alle partar kan møtast i same rom og snakka og opplysa kvarandre, med mål om at alle går ut døra litt klokare etterpå, seier ho om Kulturkonferansen som har etablert seg som ein viktig møtestad for arrangørar, musikarar, politikarar og andre som brenn for kulturfeltet.

Les meir om Vossa Jazz og Kulturkonferansen under, men få gjerne med deg nokre andre saker frå nyhendebiletet fyrst:
Kulturprisen i Ullensvang for 2025 vart onsdag denne veka tildelt professor emeritus Reidar Borgstrøm frå Odda. «I det heile har Reidar Borgstrøm lagt ned eit formidabelt kulturminnearbeid som involverer mange, som er relevant for mange og som skapar identitet og engasjement på tvers av generasjonar», kan ein lesa i grunngjevinga frå utval for kultur og levekår som plukka ut vinnaren mellom åtte nominerte. Kulturprisen er på 25 000 kroner, i tillegg til diplom og ein skulptur laga av Ingunn Van Etten.
Klaus Rasmussen frå Kvam vart attvald som leiar for Naturvernforbundet Hardanger på lokallaget sitt årsmøte i Jondal 11. mars. – Til våren er det tre år sidan me fekk eit naturvernlag som samla kommunane Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvam. Ved hjelp av eit godt samarbeid i styret og eit aukande medlemstal set organisasjonen natur- og miljøvern på saklista i heile regionen, skriv naturvernlaget i ei pressemelding der dei samstundes opplyser at lokallaget i Hardanger no tel 273 medlemer.

– Denne boka var vanskeleg for meg å skriva, så då er det ekstra kjekt at folk set pris på ho, seier Ruth Lillegraven som førre helg fekk vita at ho er årets vinnar av «Sølvkniven». Prisen har blitt delt ut kvart år sidan 2018 og går til fjorårets beste krim. – Det som er kjekt og spesielt med denne prisen at den blir delt ut av ein jury med vanlege lesarar, eldsjeler. Dei trengst i litteratur-Noreg, seier Lillegraven i ein kommentar til Hardanger.no. Prisutdelinga skjer ikkje før under Osterøy krimfestival i september, og sjølve prisen er eit trofé utforma av ein ung smed på øya.
Paul Wallevik skal leia venelaget for Hardanger fartøyvernsenter som starta opp att 12. mars etter halvtanna år pause. Wallevik har med seg Inger Wilhelmsen Seljestad, Gunnar Kvandal og Jan Fredrik Paulsen i styret, medan avdelingsleiar Sjur Fykse representerer fartøyvernsenteret. Hordaland Folkeblad får opplyst at laget per no har 35 medlemer og at ein ikkje treng ha noko spesiell tilknyting til fartøyvernsenteret for å vera med.
Ålvik-baserte Simone Hooymans er tildelt 25.000 kroner frå Statens kunstnarstipend går det fram av tildelingslista som vart gjort offentleg 18. mars. I alt 1069 kunstnarar får tilskot, og i år var det ekstra stor kamp om midlane. 5459 kunstnarar sende inn til saman 12.936 søknadar om stipend. – Stipenda gjev kunstnarane meir tid og større fridom til å skapa. Resultatet er fleire førestillingar, konsertar, utstillingar og bøker av høg kvalitet over heile landet, og eit rikare og meir mangfaldig kulturliv som utfordrar, seier Trude Gomnæs Ugelstad som er utvalsleiar for Statens kunstnerstipend.

Sundag startar Benedicte Maurseth sin Vestlands-turné med albumet «Mirra». Med seg har ho dei faste musikarane Morten Qvenild, Mats Eilertsen og Håkon Stene som òg var med på turneen i Australia mot slutten av fjoråret. I løpet av komande veke skal dei mellom anna spela i Bergen og Odda, før dei avsluttar med konsert på Vossa Jazz sin siste dag.
Haugesenteret inviterer til poesikonkurranse i samband med Verdas poesidag 21. mars. Det skal kårast vinnarar i kategoriane born, ungdom og vaksne, og vinnardikta vert premierte og publiserte av Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum på sosiale medium. Frist for å delta er 30. mars.

– Det er ein utruleg tillit som har blitt vist meg

Frøydis Århus tek ikkje lett på ansvaret som ny jazzsjef.
– Eg har jo vakse opp med Vossa Jazz og delvis vore ein del av han som frivilleg medarbeidar. No står eg midt i navet og skal ha ansvaret for noko som har vore ein del av folk sine kalendarar og hjarte sidan 1973. Det gjer at eg kjenner på ei veldig ærefrykt, seier ho.
Av 23 søkjarar var det til slutt Frøydis som i fjor sommar kapra jobben som festivalsjef etter at Roger Urhaug sa opp etter berre eitt år.
Om vel ei veke går ho på scenen for å ynskja publikum velkomen til den 53. utgåva av jazzfestivalen. Men før det ventar nokre hektiske dagar, fortel ho på telefon frå Bergen der ho er på ein aldri så liten presseturné saman med kollega og presseansvarleg for festivalen, Mathilde Kähler Rusten.
Ein stor familie
Sjølv om Frøydis Århus var godt kjend med Vossa Jazz frå før, er det fleire ting som har overraska ho etter at ho starta i jobben.
– Noko av det fyrste eg gjorde var å reisa på ei europeisk jazzsamling i Bari i Italia. Der møtte eg norske og internasjonale kollegaer for fyrste gong, og det eg ikkje var klar over frå før er kor lite og tett knytt saman arrangørfeltet er. Dei omtalar seg som ein stor familie, og det stemmer faktisk. Eg vart utruleg godt motteke, og det var fint å kjenna på. Eg trudde ein stod meir åleine i ein slik jobb, seier ho.
No ser ho fram til å ta imot fleire av «familiemedlemene» på Voss neste helg.
– Eg gler meg til det rullar inn tog frå Oslo og Bergen på perrongen på Voss stasjon, fullt av musikarar og medarbeidarar som har reist langt for å koma hit. Det blir kjekt å vera vertskap for dei og få dei til å føla seg heime den helga, seier ho.
Kulturfestivalen går føre seg som eit oppspark til Vossa Jazz fredag 26. april. På programmet står mellom anna samtalar om kultur der fo
I tillegg til kulturminster Lubna Jafferey, kjem fleire folkevalde frå lokalt, regionalt og nasjonalt hald for å delta i kulturdebattar.

Noko for alle
Benedicte Maurseth er mellom dei lokale namna i festivalprogrammet. Ho avsluttar ein Vestlandsturné med konsert på Vossa Jazz sin siste dag.
Ingunn Van Etten er årets festivalkunstnar og har tidlegare uttalt at ho måtte ta ein runde med seg sjølv då ho vart førespurd oppgåva fordi ho var redd for å ikkje ha nok tid.
– Eg fann raskt ut at det ville vera ei spennande utfordring og sa ja. Eg likar å arbeida mot eit mål, eg er glad i musikk og eg gler meg no over hyggjeleg samarbeid med arrangørane, sa ho til Hardanger.no tidlegare i år.
Festivalsjef Frøydis er glad for at kunstnaren frå Hauso vart med.
– Eg håpar at festivalen opplevest viktig for heile regionen, ikkje berre Voss. Same dag festivalen opnar blir Kulturkonferansen arrangert. Me er til saman 8 samarbeidspartnarar om konferansen, og Vossa Jazz har har sett inn store ressursar for at det skal bli ein god møteplass for politikarar, arrangørar og musikarar frå fleire kantar av landet, seier ho.
Kulturfestivalen går føre seg som eit oppspark til Vossa Jazz fredag 26. april. På programmet står mellom anna samtalar om kultur der folk bur og kulturpolitikk sett frå eit fugleperspektiv.
I tillegg til kulturminster Lubna Jafferey, kjem fleire folkevalde frå lokalt, regionalt og nasjonalt hald for å delta i kulturdebattar.

Det skjer i helga
Kvam
21. mars Podedag med Kvann, Herand kulturhus
21. mars Konsert med Trio de Grimo, Hardanger fartøyvernsenter
22. mars Familieverkstad på Bornas Kabuso
Ullensvang
20. mars Swingkurs frå 8. klasse, Hauso samfunnshus
21. mars ABBA Tribute show, Hotel Ullensvang
21. mars Konsert med Hjerteslag, Iris Scene Odda
21. mars Soloshow med Rune Bjerga, Solfonn bar og restaurant
22. mars Roser, kunst og kroting, føredrag med Johild Mæland på Hardanger Folkemuseum
Ulvik
20. mars Påskeaktivitet med Gløgg 4H, gapahuken på Tunheim
21. mars Verdas poesidag: Trø varsamt. Poeten Marie Takvam, Ulvik folkebibliotek

Dette les me også
** Tre litterære nynorsk-prosjekt får støtte frå Kulturtanken.
** Vestlandsnatur og -humor blir lagt merke til i ny krimserie frå Sogn. Bergens Tidende
** Norske jazzmusikarar råka av KI-svindel på Spotify. Klassekampen

Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
