Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.
Hardanger bugnar av festivalar, frå veletablerte aktørar som Poesifestivalen og Hardanger Musikkfest, til den ferskare Dialektfestivalen.
Dei nyaste tilskota på lista over festivalar er Hardanger Badstovefestival og Ølfest Hardanger.
– Ynsket er å laga ein festival som kan gje litt verdiskaping i bygda. Det er øl som er påskotet, og hovudfokuset, men det er like mykje ein festival for å feira lokal mat og matkultur, seier primus motor for sistnemnde, Stig Lundblad-Sandbakk.
Les meir mot slutten av nyhendebrevet, men få gjerne med deg nokre andre saker fyrst:

– Arbeidet med beredskap for kulturarv krev ei heilskapleg tilnærming

Ei rekkje ulike aktørar samlast neste veke på Akershus festning i Oslo til ein felles fagdag om beredskap for kulturminne.
Representantar frå politi, brann, forvaltning, forsikring, konservatorar og andre interesserte vil vera til stades for å bli klokare på korleis ein handterer akuttfasen når kulturminne blir utsette for skade.
– Viss me ikkje er einige om kven som gjer kva og kva som må dokumenterast før ein set i verk tiltak, kan me mista både uerstattelege kulturverdiar og viktige spor, seier Jorulf Brøvig Silde som er bransjedirektør for drift og service i NHO Service og Handel, og initiativtakar til fagdagen.
Med seg på arrangørsida har han Norsk Institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Riksantikvaren, Forsvarsbygg, Hovedorganisasjonen KA og Restverdiredning.
To fagdisiplinar
«Når eit kulturminne brenn, flaumar over, blir utsett for hærverk eller rammast av terror, er det dei fyrste timane som avgjer om ein klarar å berga verdiane som aldri kan erstattast», uttalar Riksantikvaren som ynskjer å nytta Totalforsvarsåret 2026 til å løfta fokuset på beredskap for kulturarv.
– Det handlar om å sjå to fagdisiplinar, beredskap og kulturarv, i samanheng. Eg håpar at me som kjem frå kulturarvsida får ei endå betre forståing for korleis beredskapsarbeid fungerer og ikkje fungerer, og eg håpar at dei som kjem frå andre sektorar får ei betre forståing for kor viktig kulturarven er for sivilsamfunnet, seier fagdirektør hjå Riksantikvaren, Beate Strøm i eit intervju med NHO Service og Handel.

– I dag har ikkje kulturarv nokon plass den overordna beredskapen i Noreg, og i kulturarvsektoren er beredskapsarbeidet framleis ganske fragmentert. Det at me no får ein felles fagdag med mål om å diskutera konkrete utfordringar i akuttfasen, er svært kjærkoment, seier ho.
Ho er klar på at det ofte er heilt i starten av ei hending at roller, ansvar og samhandling er minst avklart:
– Me må bli betre i akuttfasen. Arbeidet med beredskap for kulturarv krev ei heilskapleg tilnærming.

Elles i nyhendebiletet
** I ei pressemelding frå Aschehoug forlag denne veka går det fram at det tyske forlaget Aufbau Verlag har kjøpt rettane til krimromanen «Skogfruen» av kvemmingen Sondre Bjørgum i ein «tobokavtale», før boka har kome ut på norsk. Romanen er fyrste bok i ein ny krimserie der mykje av handlinga er lagt til Norheimsund som også er heimbygda til forfattaren. Den tyske redaktøren Heide Kloth er begeistra: – Eg blei spesielt imponert over forfattaren si evne til å byggja opp tempoet i denne thrilleren. Cliffhangerane er meisterleg brukt og gjorde at eg heile tida måtte lesa vidare, seier ho.
** Det ikoniske måleriet «Birkebeinerne» kom måndag denne veka opp på veggen på Nasjonalmuseet i Oslo. – Me skal ta veldig godt vare på det så lenge, lovar museumsdirektør Ingrid Røynesdal og siktar til at måleriet etter kvart skal henga i det planlagde Bergslien Kunstmuseum på Voss, vigd kunstnarane Knud og Brynjulf Bergslien. Det 141 gonger 110 centimeter store måleriet vart måla av Knud Bergslien i 1869 og var lenge i privat eige i Tyskland, før det plutseleg dukka opp på auksjon og vart kjøpt inn og restaurert av Voss Sparebank Kunstsamling i 2024.

** Prestakaien Laugarlag og Hardanger Flytebadstu har gått saman om å arrangera Hardanger Badstovefestival i Ulvik siste helg i april. Badefestivalsjef Vigdis Nielsen seier til Hardanger.no i samband med programsleppet at det er stort engasjement rundt den nye festivalen i bygda. – Det er mange som har sagt dei vil vera med, både lokalt og utanbygdsfrå. Responsen har vore heilt overveldande, og me håpar badstovefestivalen har kome for å bli, fortel ho. På programmet står fleire konsertar og kulturelle innslag, i tillegg til ulike badstoveopplevingar, mellom anna med Hilde Karlsen i Vinternatt som nyleg blei kåra til «Årets badstovemeister».
** Litteratursymposiet i Odda kunne førre veke avsløra at den raude tråden gjennom årets program er ordet «Vrang». «Vrang kan vere ei haldning, ein eigenskap, ein feil eller ei kraft. Det kan vere barnleg staheit, prinsipiell motstand, kreativ trass eller destruktiv vilje. Å vere vrang er å seie nei når alle andre seier ja», skreiv festivalen i pressemeldinga. I år går Litteratursymposiet føre seg 1.-4. oktober, og av namna som allereie er klare i festivalprogrammet er Øyvind Rimbereid, Dag Johan Haugerud, Anna Kleiva og Halvor Folgerø, kunne festivalsjef Ingvild Ystanes fortelja til Hardanger Folkeblad.

– Ynskjer å setja meir fokus på øltradisjonen

Ny festival i Hardanger set lokalt øl på menyen.
Stig Lundblad-Sandbakk frå Hardanger bryggeri er ein av initiativtakarane bak Ølfest Hardanger. Som namnet tilseier er det tradisjonen med ølbrygging som står i fokus, men eindagsfestivalen har også andre ting på programmet, kan Stig fortelja.
– Korleis oppstod ideen om ein ølfestival i Øystese?
– Like etter at Hardanger Bryggeri vart starta, arrangerte me ein liten festival, men det blei med den eine gongen. No fann me ut at me skulle ta opp att tråden og har fått med oss Hardangerfjord Hotel og Øvreviken pizzeria på laget. Ynsket er å laga ein festival som kan gje litt verdiskaping i bygda. Det er øl som er påskotet, og hovudfokuset, men det er like mykje ein festival for å feira lokal mat og matkultur.
– Er dette eit forsøk på å få fokus over på at drikkekulturen i Hardanger handlar om meir enn sider?
– Ja, absolutt! Då me starta bryggeri var det som eit supplement til sider. Me såg at det ikkje var andre bryggeri i Hardanger som dreiv kommersielt, og det var eit klart ynske frå vår side om å setja meir fokus på øl som tradisjonsdrykk i regionen. Tradisjonen med brygging av gardsøl står sterkt i Hardanger og Voss, og dei siste 20-30 åra ser me at han har fått eit oppsving igjen.
– Kven er denne festivalen for?
– I hovudsak er han for folk i området her, men i og med at me har invitert med nokre andre bryggeri frå regionen håpar me folk frå andre stader også har lyst å ta turen. Det ikkje berre ein festival for ølinteresserte, men også for dei som er interesserte i lokal mat, sider og god stemning.
– Kva står på programmet?
– Det blir jo ein liten festival, og det meste skjer i hotellhagen på dagtid. I tillegg blir det litt program på Øvreviken som ikkje er heilt spikra endå, og på kvelden blir det fest med dj og konsertar i Skummesalen. På hotellet blir det servert ein middagsmeny basert på øl denne dagen, der dei vil bruka øl i maten i tillegg til som drikke.
– Korleis har tilbakemeldingane vore etter at de gjorde festivalplanane kjende?
– Me arrangerer festivalen siste laurdagen i april, og folk har vore entusiastiske og positive til at det skjer noko i ei tid der det elles ikkje skjer så mykje akkurat her. Så no satsar me på å laga ein skikkeleg vårfest i bygda denne dagen!

På plakaten i Hardanger

13. mars Fredagsdans med Kvam trekkspelklubb, Festsalen tidlegare Kvam vgs. i Øystese
13.-14. mars Førestillinga «Alice i Draumeland» med Kvam kulturskule, Øystesehallen
13.-15. mars Kurs i strimmelteknikk med Kari Renolen, Kvam ungdomsskule
14. mars Føremiddagskonsert med Trio Cees, Iris Scene Odda
14. mars Hiphop-kurs for unge med Ole Petter Knarvik frå Abscence Crew, Hauso samfunnshus
14. mars Vårkonsert med Bjørgvin kyrkjesongforbund og Jondal Grendakor, Jondal kyrkje
14. mars Teater: Musemaker med Jondal teatertrupp, Odda barneskole
14. mars Hardangermeisterskap i handbak, Iris Scene Odda
14. mars Konsert med Beiggja, Kabuso
15. mars Vårkafé på Aga, Sagatun Grendahus
15. mars Sundagstur til Ragdebu med Barnas turlag Odda

Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

