Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
Langt igjen til mål

Då administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Lars Jacob Hiim, deltok på Hardangerkonferansen førre veke, hadde han med seg fleire dystre tal for byggjebransjen.
Ifylgje han er det no berre 21 norske kommunar det løner seg å byggja einebustadar i, og det er langt igjen til regjeringa sitt mål om at det skal setjast i gang bygging av 130.000 nye bustadar i Noreg innan 2030.
Hjå den lokale byggjenæringa trur dei noko av løysinga for å få opp aktiviteten ligg i å forenkla nokre av krava til nye bustadar, og å få til eit tettare samarbeid mellom kommune og utbyggjarar.
– Me trur at både det private og offentlege må jobba i lag for å få ned risikoen og vippa prosjekt i gang, sa Arne Lunestad som representerte Fuglafjell AS på konferansen.

Avhengig av tilflyttarar
Det er ingen løyndom at Hardanger treng fleire tilflyttarar.
Sjølv om det ikkje er dramatiske endringar år for år, viser framskrivingar at folketalet samla sett går ned fram mot 2050. I Hardanger er allereie snittalderen 3-4 år høgare enn fylkes- og landsgjennomsnittet, og nedgangen i folketalet framover vil vera størst i den yrkesaktive delen av befolkninga.
Men det finst kanskje håp.
Mange dreg allereie i same retning, anten dei jobbar for å få fleire til å ta med seg jobben til Hardanger, eller få nyutdanna til å velja jobbar i distriktet framfor byane.
– Me må jobba med å nå ut og koma på det mentale tankekartet til folk, anten det gjeld traineeprogram, lærlingordningar, eller andre tiltak som blir gjort for å gjera det enklare for framtidige arbeidstakarar å etablera seg her, seier Kine Vikse i Framtidsfylket.

Hjelp oss å bli betre!
Tidlegare denne veka sende eg ut ei spørjeundersøking til alle som abonnerer på nyhendebrevet vårt.
Dei siste vekene har me fått fleire hundre nye følgjarar, og no treng me tilbakemeldingar frå dykk for å få ein peikepinn på kva innhald de ynskjer meir av.
Har du enno ikkje svara på undersøkinga, kan du gjera det ved å følgja denne lenkja.
Tusen takk til alle dykk som har teikna abonnement, det betyr mykje for den vidare utviklinga av hardanger.no!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no


