Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.

– Det er definitivt noko som bekymrar oss dag og natt, seier driftsdirektør i hotellkjeda Fjordtind, Tina Våtvik Olsen.
Ho siktar til situasjonen i Midtausten som no skapar uvisse for mange som eig og driv reiselivsbedrifter i Noreg.
For mange hotell og turoperatørar har den asiatiske marknaden akkurat stabilisert seg igjen etter pandemien, og no fryktar fleire ein ny nedgang i reisande derfrå.
Mange reiseruter frå Asia går via Dubai og andre flyplassar i dei arabiske gulfstatane, og i Fjordtind har dei allereie fått si fyrste avbestilling som fylgje av uroa i Midtausten, fortel driftsdirektøren.
Les saka under, men få gjerne med deg eit utval av andre saker frå regionen fyrst:
** Selskapet Yme Fish har saman med ei investorgruppe kjøpt buet etter Trolltunga Arctic Trout i Tyssedal. «Dette er gjennomført som ei verksemdsoverdraging, og alle tidlegare tilsette får tilbod om jobb hos oss,» skreiv selskapet i ei pressemelding før helga. Trolltunga Arctic Trout, som tidlegare heitte Hardanger Fjellfisk, har drive med oppdrett av aure i eit fjellanlegg i Tyssedal. Fisken har vorte marknadsført og seld under merkevara «Hardanger Fjellaure». Bak Yme Fish står investor Morten Harsvik som tidlegare var engasjert i smoltprodusenten BioFish Holding i Tørvikbygd, skriv bransjeavisa iLaks.
** Boliden Odda AS får refs av Miljødepartementet etter fleire ulovlege utslepp til miljøet, skriv Bergens Tidende denne veka. Tilsyn har vist at sinkverket har hatt ulovleg høge utslepp av fleire tungmetall og gassar gjennom fleire år. Den største overskridinga gjeld utslepp av svoveldioksid (SO₂) i 2023. Dette året sleppte verksemda ut over 12 gonger så mykje SO₂ som dei hadde fått løyve til på grunn av feil i ein varmevekslar. Boliden får også hard kritikk av Miljødirektoratet for ein serie ulovlege utslepp av arsen og andre miljøgifter til fjorden både i 2025 og dei fire føregåande åra. Ansvarleg for HR og kommunikasjon i Boliden Odda, Karl Ystanes, opplyser til BT at verksemda har brukt meir enn 200 millionar på ny reinseteknologi som dei no byrjar å sjå gode resultat av etter at anlegget kom i drift i fjor haust.

** Selskapet Potamadre AS har lyst ut stillinga som dagleg leiar. Ifylgje utlysinga ser dei etter ein person som «ynskjer å ta fullt eigarskap til drift, organisasjon og økonomi – og som trivst med å skape struktur, lønsemd og stabilitet i ei operativ verksemd». Potamadre har til saman 11 matvogner, der to av desse blir drivne som franchise. Nyleg opna selskapet sitt fyrste innandørs restauranttilbod på kjøpesenteret Exhibition i Bergen. I stillingsutlysinga blir det oppgjeve at gründer av Potamadre-konseptet, Kaj Myklatun frå Eidfjord, skal halda fram som aktiv eigar og frontfigur, og at dagleg leiar får fullt ansvar for den operative kvardagen.
** Landbruksdirektoratet si oversikt over kven som fekk utbetalt produksjons- og avløysartilskot i 2025 viser at fleire bønder i Hardanger fekk tilskot i millionklassen. I Ullensvang var Harald Alvavoll på Alvavoll gard den som fekk mest i tilskot i fjor, med rundt 2,1 millionar kroner. I Kvam viser oversikta at Vegard Fosse fekk nesten 1,7 million i tilskot, medan Hardangermjølk DA fekk mest i Eidfjord med eit tilskot på 1 272 340 kroner. I Ulvik var det Johannes Sponheim som med 1 093 178 kroner fekk mest i tilskot i fjor. Tilskota er ei økonomisk støtteordning i jordbruket og vert gjevne ut frå kor stor produksjon bøndene har på bruka sine. Føretak med husdyr- eller planteproduksjon kan søkja om tilskot for å sikra inntekt, berekraft og kulturlandskap.
** I eit brev til ordførar Torgeir Næss, opplyser selskapa som ynskjer å etablera ei cruisehamn i Øystese at dei har trekt dispensasjonssøknaden og vil setja i gang arbeidet med ein reguleringsplan. «Denne tilnærminga vil sikra ein meir open og grundig gjennomgang av prosjektet, med betre involvering av lokalsamfunnet», skriv Gianluca Suprani, Arthur Kordt og Knut Endre Øyri på vegner av høvesvis MSC Cruises, Seawalk og GBS Entreprenør i eit brev til Kvam herad som fyrst vart sitert i Hordaland Folkeblad. Aktørane oppgjev dialogmøter i februar som årsaka til at dei vel ei anna tilnærming i den vidare prosessen.
Fryktar uroa i Midtausten kan få konsekvensar for reiselivet

Dersom krigen i Midtausten held fram utover våren, kan det få store konsekvensar for reiselivsaktørar som rettar seg inn mot den asiatiske marknaden.
Direktør Per-Arne Tuftin i bransjeforeininga Norsk Reiseliv seier reiselivet generelt er avventande til korleis situasjonen i Midtausten utviklar seg.
– Det fører til bekymring når ein ikkje har oversikt over kor lenge konflikten kjem til å vara. Dreg det seg utover våren, er det klart at det vil kunna få følgjer på fleire måtar, seier han.
Han peikar på det reint praktiske med at mykje av flytrafikken frå Asia og Australia går via Dubai og flyplassar andre stader i dei arabiske gulfstatane, men trekkjer også fram eit anna moment som spelar inn:
– Folk blir utrygge og usikre når det skjer ting elles i verda, og det kan føra til at fleire held seg meir i ro.
– Spente på situasjonen
Driftsdirektør i Fjordtind Hotels, Tina Våtvik Olsen, stadfestar at uroa i Midtausten er noko som opptek reiselivsaktørane i regionen.
– Det er definitivt noko som bekymrar oss dag og natt. Det er ikkje mange år sidan me stod i ein pandemi, og situasjonen i Midtausten skapar ei uro for oss som eig og driv reiselivsbedrifter, seier ho.
Arrangement og samlingar
10. mars Den klassedelte rettssaken, foredrag med professor Jørn Øyrehagen Sunde, Hesthamar Skrivargard
11. mars Fagdag Bioforum, BIR Bjørkemoen
11. mars Informasjonsmøte om Bjølsegrø dammer, Folkets hus i Ålvik
14.-16. mars Fylkesting for ungdom, Scandic Flesland Bergen
18. mars Informasjonsmøte om portalen Styrekandidat Hardanger og Voss, Fruktlageret, Øystese
23. mars Hardanger og Voss ungdomsting, Fleischer´s Hotell Voss
25.-26. mars Vossadagane, Voss kulturhus
Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

