
Satsar på nye eventyr
Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord ser store moglegheiter i reiselivsnæringa framover.
Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev

Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord ser store moglegheiter i reiselivsnæringa framover.

Frøydis Århus har lagt bak seg eit hektisk halvår som ny Vossa Jazz-sjef. I juli koplar ho av, før eit nytt festivalprogram skal spikrast til hausten.

Asbjørn Børsheim fekk det travelt med å ta imot medaljar under Cider World i Frankfurt nyleg.

Jonas Kimerud ved Norsk Natursenter i Eidfjord gler seg til å opna dørene for publikum att.

2025 var eit godt år for reiselivet i Hardanger.

No er det endeleg klart, det blir dagleg båtrute på Hardangerfjorden i 2026-sesongen også.

I løpet av hausten har Visit Hardangerfjord arrangert åtte folkemøte for å få innspel til arbeidet med ein ny og felles reiselivsstrategi for Hardanger.

Olav Bleie har med selskapet Alde AS for lengst etablert seg som ein av Noreg sine leiande siderprodusentar. No kan det også losna internasjonalt.

Direktør Per-Arne Tuftin i bransjeforeininga Norsk Reiseliv seier reiselivet generelt er avventande til korleis situasjonen i Midtausten utviklar seg.
– Det fører til bekymring når ein ikkje har oversikt over kor lenge konflikten kjem til å vara. Dreg det seg utover våren, er det klart at det vil kunna få følgjer på fleire måtar, seier han.

Han peikar på det reint praktiske med at mykje av flytrafikken frå Asia og Australia går via Dubai og flyplassar andre stader i dei arabiske gulfstatane, men trekkjer også fram eit anna moment som spelar inn:
– Folk blir utrygge og usikre når det skjer ting elles i verda, og det kan føra til at fleire held seg meir i ro.
Driftsdirektør i Fjordtind Hotels, Tina Våtvik Olsen, stadfestar at uroa i Midtausten er noko som opptek reiselivsaktørane i regionen.
– Det er definitivt noko som bekymrar oss dag og natt. Det er ikkje mange år sidan me stod i ein pandemi, og situasjonen i Midtausten skapar ei uro for oss som eig og driv reiselivsbedrifter, seier ho.
Dersom krigen i Midtausten held fram utover våren, kan det få store konsekvensar for reiselivsaktørar som rettar seg inn mot den asiatiske marknaden.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .