– Det nærmar seg med stormsteg
Jonas Kimerud ved Norsk Natursenter i Eidfjord gler seg til å opna dørene for publikum att.

Fredag denne veka blir fyrste opningsdag etter at senteret har vore stengt for ordinære besøk gjennom vinteren.
Det er same dag som det fyrste cruiseskipet for sesongen legg til kai i Eidfjord, og Kimerud har bokstavleg talt mykje på menyen til gjestane som vel å ta turen innom.
– I påska har me spesielt fokus på restauranten med ein eigen påskemeny heile veka og påskebuffet fyrste og andre påskedag, seier han.
Det vart nemleg reaksjonar i fjor då buffeten uteblei i påska.
