Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Trur på sirkulær økonomi
Selskapet Ragn Sells Havbruk har stor tru på at slam frå fiskeoppdrett kan gje ny verdiskaping i Noreg framover.
I tillegg til biogass, ligg det eit stort unytta potensial i å henta ut mineral frå bioresten som blir igjen etter at slammet har vore gjennom biogassanlegget.
Gjennom prosjektet Aquaphoenix skal forskarar frå Norce måla effekten av å henta opp slam frå opne oppdrettsmerder, for å sjå om det kan vera med å minska presset på miljøet i fjorden rundt oppdrettsanlegga.
Samtidig får Ragn Sells testa og utvikla teknologien som kan gje eit lyft i retning av ein større sirkulær økonomi i næringa.
Tollreaksjonar
Trass i iherdige forsøk frå norske politikarar, byråkratar og næringsliv, valde fleirtalet i EU å innføra den varsla import-tollen på jernlegeringar, produkt mellom anna Elkem Bjølvefossen framstiller.
Forslaget inneber at 75 prosent av dagens norske eksport av jernlegeringar framleis blir tollfri, medan det blir lagt til toll på dei siste 25 prosenta.
I praksis vil tollen slå ut dersom prisen på jernlegering er lågare enn prisgolvet EU har fastsett, sidan prisdifferansen då må betalast som toll.

Medan næringsministeren og LO reagerer kraftig og meiner tollen kan setja norske arbeidsplassar i fare, er fleire finans-analytikarar meir moderate.
Andreas Nibe Nygard i Nordea seier til Dagens Næringsliv at han tvert om trur det vil bety eit netto positivt bidrag for Elkem fordi prisane på ferrosilisium i den europeiske marknaden truleg vil stiga når tollen blir innført.
Også Marcus Gavelli i Pareto er einig.
– Me kan få ein kombinasjon av kvoter og minstepris i Europa. Viss ein tek utgangspunkt i at minstepris lyftar prisgolvet, så kan ein få høgare pris på varene ein sel, uttalte han til DN.
Dagleg leiar ved Elkem Bjølvefossen, Stig Bruntveit, sa førre veke til Hardanger.no at selskapet må bruka tid på å setja seg inn i vedtaket frå EU før dei kan uttala seg om dei faktiske konsekvensane av det.
Ved Bjølvefossen produserer dei ei rekkje spesialprodukt, noko som gjer at dei skil seg frå andre, liknande smelteverk.
Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
