Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
I denne utgåva kan du lesa om den nylege utdelinga frå Fjord- og fjellfondet og kva felles utfordringar næringslivet på Vestlandet står ovanfor, i alle fall ifylgje to av medlemsorganisasjonane.

Hardanger-gründerar fekk 200 000 kroner frå Fjord- og fjellfondet

Disruptive Value Group AS var mellom dei som delte årets pott frå Fjord- og fjellfondet.
Gründerane som har base i Odda jobbar mellom anna med å utvikla biobaserte og mikroplastfrie materialløysingar til havbruk.
– Det er ei anerkjenning å bli sett og høyrt, seier Per Gunnar Aas som saman med Kim Kristiansen står bak selskapet.
Fjord- og Fjellfondet er ein årleg pris som blir delt ut av Hardanger og Voss Næringshage i samarbeid med Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet. Under utdelinga på Vossadagane var det leiaren for juryen, Reidun Skålheim Solberg frå Sparebanken Norge, som delte ut prisen.
I tillegg til DVG, fekk Voss MicroZ AS og Ludens Aviation 200 000 kroner kvar.
– Felles for dei tre vinnarane er sterk innovasjon, tydelege klimaeffektar og potensial for regional verdiskaping, går det fram i ein uttale frå næringshagen.
Fylg med i komande nyhendebrev for meir om gründerbedrifta i Odda.

Elles i nyhendebiletet
Prisane norsk industri får for varene sine gjekk samla sett opp med 1,5 prosent frå mars i fjor til mars i år. Ifylgje Statistisk sentralbyrå har eksportprisane auka markant det siste drøye halvåret, spesielt for sjømat. Prisane tok seg betydeleg opp i andre halvdel av 2025, etter at dei svinga mykje halvåret før. Medan prisane på sjømat gjekk opp gjennom fjoråret, fall prisane på petroleumsprodukt. Innan kjemisk industri har prisane stort sett også vore fallande det siste året.
Statsforvaltaren har avslått søknaden om å utvida perioden for Lofthus sentrum sin status som typisk turiststad. Det betyr at butikkane ikkje får ha sundagsope i mai. Grunngjevinga frå Statsforvaltaren er at salstala for denne månaden ikkje er høge nok til å oppfylla kravet om at omsetnaden hovudsakleg skal koma frå turistar, skriv Hardanger Folkeblad.
Sjokoladeprodusenten Fjåk gjer alvor av planane om å flytta produksjonen vekk frå Hardanger. Ifylgje sjokoladegründer Agurtxane Concellon Arechaga vil dei få høve til å produsera ti gonger så mykje i dei nye fabrikklokala i Sandviken i Bergen, som etter planen blir klare for innflytting i løpet av sommaren.
Pota Madre-gründer Kaj Myklatun utvidar aktiviteten med eit nytt selskap. Til Hordaland fortel han at selskapet «Burger Bjørn» er eit samarbeid mellom han sjølv og kjærasteparet Vanessa Velandia Duque og Santiago Ocampo Giraldo som vil opna ei matvogn som serverer hamburgerar ved sida av Pota Madre-vogna i Eidfjord. – Eg håpar det vert ein stoppeffekt. Det er difor eg har blitt med på dette, at vognene kan stå attmed kvarandre, seier Myklatun til lokalavisa.
Fleire bedrifter i Hardanger kan bli råka av streik i helga. Denne veka vart det klart at det var brot i forhandlingane mellom Fellesforbundet og Norsk Industri, og oppgjeret gjekk vidare til tvungen mekling hjå Riksmeklaren. Fristen for å bli einige er sett midnatt laurdag 11. april.

– Mangel på kraft er den største utfordringa

Monika Mæland var klar i talen under Vossadagane.
Leiaren i Bergen Næringsråd var mellom dei som deltok i ein panelsamtale på Vossadagane om korleis ytre forhold påverkar bedrifter på Vestlandet.
Mæland viste til næringsrådet sine eigne undersøkingar der 9 av 10 bedrifter oppgjev kraftmangel som eit hinder for vidare utvikling.
– Det finst mange idear til ny industri på Vestlandet, men det er ikkje nok kraft til å setja i gang, sa ho.
Effektiv transport er ei anna utfordring for næringslivet i vest.
– Eksportbedrifter på Vestlandet brukar dobbelt så mykje ressursar på transport som andre stader i landet på grunn av dårleg infrastruktur, hevda ho.
Viktig eksport
Fungerande leiar i NHO Vestland, Sondre Olsen, støtta opp om det Mæland fortalde.
– Me gjer òg mange undersøkingar blant medlemene våre, og alt som er nemnt her går att. I tillegg oppgjev 6 av 10 bedrifter i våre undersøkingar at dei slit med å få tak i folk med rett kompetanse, sa han.
NHO Vestland har over 4000 medlemsbedrifter, dei aller fleste små og mellomstore bedrifter.

Remy Atle Bilsback frå Sparebanken Norge sette situasjonen i Noreg inn i ein større samanheng og trekte fram kor viktig rolle næringslivet i Vestland har.
– Tidlegare Hordaland fylke eksporterer åleine fleire varer enn Oslo, Møre og Romsdal og Rogaland gjer til saman, sa han.
Sondre Olsen trekte fram verdien av gode rammevilkår for næringslivet i urolege tider.

Arrangement og samlingar
10. april Fellesmøte Sunnhordlandsrådet IPR og Hardangerrådet IKS 09:30-15:00, heradsstyresalen i Norheimsund
14. april Medlemsmøte Hardanger Industri kl. 18.00–20.30, Iris Scene
15. april Lynkurs om framtidsfullmakt v/Sparebanken Norge, Kabuso

Dette les me også
** Sondre Eide åtvarar om at tech-gigantane vil overta havet vårt. iLaks
** Europa merkar konsekvensane av ein uvanleg tørr norsk vinter. Bloomberg
** Stigande omsetning for fruktlageret på Vangsnes. Sogn Avis

Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
