Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.

Sjølv om rapporten frå Telemarksforsking som kom førre veke teikna eit relativt dystert bilete for sysselsetjinga i heile distrikts-Noreg fram mot 2050, vil ikkje rådsordførar Jens Olav Holven i Hardangerrådet svartmåla situasjonen heilt.
No føreslår han å børsta støv av eit tidlegare prosjekt som gav gode resultat på folketalsutviklinga, samstundes som han er oppteken av å setja Hardanger meir på kartet i fylket.
– Etter mitt syn har det blitt satsa langt mindre i denne regionen enn langs kysten. Samstundes er Hardanger storleverandør av konsesjonskraft til fylket, og eg meiner me har fått altfor lite att for det, seier han.
Les intervjuet mot slutten av nyhendebrevet.

Kjem med fire oppmodingar til alle verksemder i næringslivet

Justis- og beredskapsministeren minnar næringsliv og kommunar om at me er inne i Totalforsvarsåret.
– Det viktigaste næringslivet kan bidra med i kriser og krig er å levera så nært ein normalsituasjon som mogleg, skriv Astri Aas-Hansen i eit brev til norsk næringsliv i dag.
I brevet som er adressert til Næringslivets sikkerheitsråd, oppmodar ho norske verksemder om å setja seg inn i Nasjonal sikkerheitsstrategi som regjeringa la fram i mai i fjor.
– Verksemder bør gjera seg kjende med og nytta seg av desse vurderingane for å danna seg eit bilete av kva utfordringar dei kan stå ovanfor, og vurdera sårbarheiter i eiga verksemd, skriv Aas-Hansen.

Alle bør øva
Justis- og beredskapsministeren ynskjer at Totalforsvarsåret skal gje både store og små verksemder påskot for å øva på ulike scenario som kan inntreffa.
– Alle verksemder bør leggja planar for korleis dei skal oppretthalda aktivitet, og framleis kunna levera varer og tenester dersom til dømes straumen går, digitale tenester vert sette ut av spel eller vatnet blir borte, skriv ho.
I tillegg til næringslivet, har alle norske kommunar og fylkeskommunar også motteke eit brev frå Astri Aas-Hansen i dag.
Oppmodingane er mykje dei same som til næringslivet, om å vera oppdaterte på trugselbiletet, øva og søkja råd og samarbeid på tvers.
– I kraft av si rolle som regional samordningsmynde, og som bindeledd mellom kommunane og staten, har statsforvaltaren også viktig kunnskap som kan vera til hjelp i arbeidet, skriv ho.

Overblikket

** Bertelsen & Garpestad-konkursen får følgjer for fleire firma i regionen. Hardanger Folkeblad skreiv førre veke om at Nå maskin AS er mellom dei som har krav i buet, og styreleiar Leif Einar Lothe fryktar eit tap på over 3 millionar kroner. Hirth Himle Entreprenør AS og ST Entreprenør AS er andre lokale firma som blir råka av vegentreprenøren sin konkurs. Ifylgje ein uttale i Hordaland frå dagleg leiar i sistnemnde, Kristian Skjerven, tapar selskapet rundt 400.000 kroner. Hirth Himle Entreprenør AS vil ikkje gå ut med kor mykje pengar dei tapar i avisa.
** Regjeringa vil lovfesta krav om bruk av e-faktura og digital bokføring i næringslivet. Den samfunnsøkonomiske vinsten blir rekna å vera 10 milliardar kroner over 20 år. – Forenkling for næringslivet er viktig for å styrkja konkurransekrafta i Noreg, seier statsminister Jonas Gahr Støre i ei pressemelding. Finansminister Jens Stoltenberg utdjupa til Bergens Tidende at krava også vil tilretteleggja for nye digitale løysingar og gjera det vanskelegare for kriminelle.
** Åkre Gard, Alde Sider, Epli Sideri og Kvestad Sideri er mellom siderprodusentane som deltek som utstillarar på ein splitter ny siderfestival i Trondheim komande helg. – Hardanger har vore ein pionerregion for norsk sider, og mange av produsentane der har vore avgjerande for å løfta kvaliteten og interessen for norsk sider dei siste åra. Difor er me veldig glade for å få fleire av dei til Trondheim for å representera det aller beste av norsk sider, seier dagleg leiar Brit Melting frå arrangøren «Oi! Trøndersk Mat og Drikke» i ei pressemelding.
** I helga kunne Bergens Tidende melda at kjøkensjef Anika Madsen og restaurantmanager Nico Danielsen har sagt opp jobbane på Michelin-restauranten Iris som er tilknytt Eide Fjordbruk sitt visningssenter Salmon Eye. Til avisa uttalar styreleiar Sondre Eide at restauranten vil bestå, men ikkje vera open for alle. «Ambisjonane for Eide og Watermoon har alltid vore større enn å driva ein tradisjonell restaurant. No utviklar me eit nytt konsept der biologi, teknologi, data og sterke opplevingar skal koplast saman for å bidra til reell endring i korleis verda produserer og et mat frå havet», seier han og legg til at restauranten difor berre blir tilgjengeleg for inviterte gjester. Salmon Eye var i 2024 på Time Magazine si liste over verdas 100 beste stader å besøka.
** Hovudutval for næring i Vestland har vedteke årsplanen for landbruk i 2026. Fylkeskommunen vil mellom anna fokusera på innkjøp av mat frå lokale produsentar. – Vestland fylkeskommune må sjå nærare på korleis me kan styrkja etterspurnaden etter lokal mat og drikke gjennom å prioritera lokalmat ved offentleg innkjøp og motivera kommunane og andre til å gjera det same, seier leiar for hovudutval for næring, Sigrid Brattabø Handegard.

– Me må koma meir på dagsorden

Rådsordførar i Hardangerrådet og ordførar i Ulvik, Jens Olav Holven, trur ikkje det finst ei kjapp løysing på utfordringane den ferske rapporten frå Telemarksforsking peikar på.
Førre veke kom ein rapport frå stiftinga Telemarksforsking som skildrar ein meir dramatisk nedgang i sysselsette i distrikta fram mot 2050 enn tidlegare prognosar.
I Hardanger vil det gå verst utover Eidfjord dersom prognosane slår til, men også i dei andre kommunane vil gapet mellom kor mange tilsette det er behov for i kommuneorganisasjonen versus kor mange folk ein har til å gjera jobbane auka.
Rådsordføraren i Hardangerrådet har gjort seg fleire tankar etter at rapporten kom.
– Skal ein få til ein vekst i Hardanger må me gå inn og sjå på kvifor me får vekst og kvifor me får nedgang. Kanskje me skal ta opp att eit prosjekt som «Flytt til Hardanger» for å sjå på kva me faktisk kan gjera noko med, seier han.
Flytt til Hardanger var eit samarbeidsprosjekt mellom Hardangerrådet, fylkeskommunen og kommunane i Hardanger som starta opp i 2007 etter fleire år med samla nedgang i folketalet.
Samansett utfordring
Jens Olav Holven trur ikkje det finst ei rask løysing som kan endra det store biletet rapporten frå Telemarksforsking peikar på for distrikts-Noreg, der mangelen på arbeidskraft i kommuneorganisasjonen berre vil auka fram mot 2050.
– Sentralt snakkar ein om å slå saman og sentralisera, men etter mi meining vil det vera med på å svekkja demokratiet, seier Holven som òg er ordførar frå Senterpartiet i Ulvik.
Han peikar på interkommunale samarbeid som ein del av løysinga.
– Ein del av dei lovpålagde oppgåvene kommunane har fyller berre ein liten stillingsprosent i kommunen. Då meiner eg det kan vera fornuftig å sjå på om me i nokre tilfelle heller kan byggja opp kompetanse som gjer at me kan levera tenester til kvarandre i staden for at me sit åleine med ting kvar for oss, seier han.
I skuggen av kysten
Men sjølv om meir samarbeid på tvers av kommunegrenser kan vera fint, er ikkje det i seg sjølv ei løysing på at talet på folk i arbeidsfør alder som er busette i regionen er venta å gå ned fram mot 2050.

Arrangement og samlingar
18. mars Informasjonsmøte om portalen Styrekandidat Hardanger og Voss, Fruktlageret, Øystese
23. mars Hardanger og Voss ungdomsting, Fleischer´s Hotell Voss
25.-26. mars Vossadagane, Voss kulturhus

Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
